Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 2, 2011

På tide å legge ordet distrikt på hylla?

Frå innleiing på Frps fylkespartimøte i Sogn og Fjordane 30.januar 2011. Eg gjer merksam på at eg ikkje er medlem i Frp eller andre politiske parti for den del. Om vi hoppar frå Arnestad til Liv Signe Navarsete. Navarsete og Senterpartiet, påstår dei vil ha haldningsendringar i Oslomakta, merk deg bruken av ordet sentralmakta. Navarsete seier ho vil ha lagspel, ikkje krangel, men når ho er ute blant folket, seier ho dette: «Professorar i dei sentrale delene av landet vil sikkert sei at det ikkje lønner seg med bredbånd i distriktene». Sitatet blei levert på Dyrøyseminaret i Troms i slutten av september, i tillegg til ei lengre lefses tompreik. Navarsete FAIL. Ufrå dette sitatet kan ein tolke at vi ønsker å bu her i distrikta, men dei i sentrum ønsker ikkje å hjelpe oss utfrå eit kost-nytte perspektiv. Distrikta er ulønsame, derav ordet distriktspolitikk som i stor grad får oss til å tenke «overføringar frå staten.» Om vi ikkje direkte blir tvinga til å bu sentralt, så er det iallefa

Om turismevanvidd, frå mi innleiing på Frp sitt fylkespartimøe 30.januar 2011

så kva er det vi har her i Sogn og Fjordane? Sogn og Fjordane er eit ressurssterkt fylke med eit naturgrunnlag for framtida. Korleis kan vi utnytte dette? Korleis skal Sogn og Fjordane overleve i ei global utvikling med sterke sentraliseringstendensar? Vi har naturressursane, vi har beitemarkene, vi har innovasjon, teknologi og landbruk. Det er vi, her i Sogn og Fjordane, som kan vere eit av matkammera i verda dersom klimaendringane slår til og sidan Frp har høge ambisjonar på landbruksfronten tenker seg sei ein del om landbruket sjølv om landbruk blir ansett som ei stadig mindre viktig næring i store delar av distrikts-Norge. I år 2011 er vi nødt til å spørre oss: Kven vil vi vere? Kva kan vi tillby? Og om vi ikkje maktar få fram ein sterk eigenart, kva skal vi satse på å utvikle? For eksempel meiner National Geographic at det er eit godt poeng at vi har minst mulig folk her på Vestlandet, all den tid området då blir best mulig konservert for framtidige generasjonar. I dag e