Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 19, 2012

Det er ei tåpe som sit tiltalt i Oslo. Og det var greit å sjå.

I dag drog eg i retten på publikumsplass for å få med ein dag av saken mot ABB. Det var ei surrealistisk oppleving. Veit ikkje heilt kva eg hadde venta meg, men det var uansett absurd. På same tid, som meg og min kompis var einige om etterpå: det var i grunnen greit å dra og sjå. Det var greit å sjå med eigne auge. Det er ein patetisk mann som knapt greier føre eit ressonement. Som bruker ei rekke fine ord og vendingar men snublar avstad som ramlar han ned ei trapp når han skal forklare seg. Unntatt når han med fynd og klem snakkar om henrettelsane han planla. Då er det entusiasme og innleving. Det er ikkje meg gitt å stille diagnose, men at dette var ein person utanom det vanlege treng ein ikkje vere psykiater for å sjå. Empati var fråverande. Det var påfallande korleis han med fynd og klem snakka om henrettelsar, ikkje drap, om motorsykkelraid gjennom Oslo der han skulle ha plaffa ned journalistar og blitzarar. Det var interessant å sjå kor han er på defansiven, angstbitersk, pat