Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 18, 2010

Mitt innlegg på Småsamfunnskonferansen i Tromsø 18.mars 2010

Då kongen fylte 70 år i 2007 sende Sogn og Fjordane 60 bunadskledde til Oslo som gåve. Min første tanke var denne: å nei, ikkje no igjen!! Det var første gongen eg skreiv om marknadsføring av distriktsnorge. Les lesarbrevet i Firda her. Link: Småsamfunn. Problem: Etter å ha jobba som sommarvikar i lokalavisa Firda året før, og sett fylket frå innsida med næringsliv og alt, vart sjisofrenien mellom det som faktisk er i Sogn og Fjordane og det bildet ein presenterer utad, enorm. Eg kjende meg ikkje att i imaget fylket prøver å skape seg utad. Kjem eg ikkje frå Sogn og Fjordane? Eller er eg for normal, for lite på innsida av den lokale bunadseliten, til at eg i det heile tatt kan kjenne meg att i markedsføringa? Eg lurer på kven det er som legg PR-strategien til fylket utad. Dei som gjer det, har iallefall ikkje sjekka ut kva som sel i det tjuande århundre. Og eg lurer ofte på kvifor Sogn og Fjordane absolutt skal markedsføre seg som eit fylke som stagnerte ein gong på att