Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 10, 2009

Bloggen sliter litt teknisk til tider

Eg anbefaler alle som prøver å poste på bloggen, å ta ein kopi av innlegget FØR du postar det. Årsaka er at det er ikkje alltid at bloggen publiserer innlegga. Av og til blir innlegga borte når du trykker "post". Har sjølv mista eit innlegg i dag, og har forstått det slik at Anne Bitsch også har slite hardt med å poste her. Difor: ta ein kopi av kommentaren din før du postar den, trykk post og prøv igjen seinare dersom det ikkje går å poste den første gongen. Det går som regel eit par minutt seinare. Dersom det ikkje funker, så prøv igjen litt seinare. Det skal gå til slutt. Om det blir heilt umulig, send det til meg på mail så kan eg legge det ut for deg.

Svar til Jan Erik M: ein må ut av skapet og slipe knivane

Jan Erik M skriver: "Jeg er for et likestilt samfunn, og derfor feminist. Om noen medfeminister bruker en retorikk en er uenig i, bør ikke det bety at en slutter å kalle seg feminist!" Dette er eit veldig godt poeng. På same tid kan det bli ei belastning å bli identifisert under paraplyen til dogmatikere og intolerante lite sjølvrefleksive stemmer. Feminisme er eit belasta begrep, og det vert ikkje betre. Eg veit ikkje kva eg skal kalle meg. Eg står for feministiske målsetninger, men eg veit ikkje om eg vil identifisere meg med ein slik bakstrebersk retorikk som enkelte feminister bedriver. Samt at takhøgda er så låg. Eg som feminist, og individ, har høgare ambisjoner enn å jatte med dei enige feministdamene i Oslo. Dei må jatte for meg, men eg jatter ikkje med med mindre eg er enig. Men miljøet er prega av utprega mangel på sjølvinnsikt samt sterk grad av sjølvdyrking, samt at ein støtter seg på kompisers synspunkt og utsegner, uten å ta hensyn til at dette kanskje ikkje er