Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 13, 2010

Kronikk i dagens BT om den store Tine-bløffen

På mjølkekartongar, ironisk nok under ein illustrasjon kalla «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar Tine at alle dei 242. 000 kyrne som mjølkar for Tine har rett til minst åtte veker sommarferie kvart år. Dette høyrest flott ut. Det er berre eitt problem: Påstanden om at alle Tines kyr har rett til åtte vekers sommarferie, er ikkje sann, og det er svært lett å tilbakevise. Eventuelt er det ein faktafeil som skuldast grov kunnskapsmangel hos den som har utforma reklamen. Les den her. .

Anne Viken bur i OSLO!!

Sidan eg begynte å skrive om norske utkantstrøk, eg kjem frå eit sjølv: BYGSTAD i Sogn og Fjordane, har den tyngste argumentasjonen MOT MIN ARGUMENTASJON vore dette Anne Viken bur i OSLO!!! Ja, for ein FORBRYTELSE det er å flytte til OSLO! Ingen av dei pappskallane som hevdar dette, har tenkt på det faktum at eg flytta til Oslo for å ta ein utdannelse, VETERINÆR, som ikkje går an å ta andre stadar i landet enn i OSLO. Ja, Anne Viken bur i Oslo for å ta forbryterske studier. Gud forby. Idiotien i argumentet slår seg sjølv i skallen. I kveld er det debatt på Litteraturhuset i Oslo (skrekk og gru, tenk det ligg i Oslo) klokka 19, samt på Dagsnytt atten. Debatten frå Litteraturhuset blir sendt på Afteposten-tv og på P2 .

Kronikk i dagens Bergens Tidende om Den Store Tine-bløffen

På mjølkekartongar, ironisk nok under ein illustrasjon kalla «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar Tine at alle dei 242. 000 kyrne som mjølkar for Tine har rett til minst åtte veker sommarferie kvart år. Dette høyrest flott ut. Det er berre eitt problem: Påstanden om at alle Tines kyr har rett til åtte vekers sommarferie, er ikkje sann, og det er svært lett å tilbakevise. Eventuelt er det ein faktafeil som skuldast grov kunnskapsmangel hos den som har utforma reklamen. Les den her. .

Her er statestikken Tine sjølv viser til for å bevise at norske kyr går så masse ute, den dokumenterer at dei stort sett står inne

Den same statestikken dokumenterer at norske kyr går veldig lite på beite. Det er Tine Rådgivning sin statestikk, ironisk nok. Det skulle berre ein bloggande veterinær til for å knekke Tines reklamekampanje i fillebitar. Det var litt for lett. Vil du sjølv lese kor mykje kraftfor norske kyr et, og kor lite dei går på beite, anbefaler eg å lese denne tabellen. Tabellen kjem frå den same kilda som Tine sjølv nyttar til å fortelle oss at dei same kyrne går masse ute. Sjå kolonna heilt til høgre. Beitebruk. Tine bablar vidare, i sine klønete formulerte informasjonsskriv, om at norsk kuhelse er veldig bra. Ja, det veit vi. Men seriøst, Tine, det er ikkje det vi snakkar om her, og det begynner å bli ganske tydelig for mange som har fulgt saka at de er nede i kneståande informasjonsmessig. .