Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 16, 2010

Flukta frå agurkane

Denne kommentaren stod på trykk i Bergens Tidende söndag 15.august 2010. Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt. Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi. Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinär i Sverige, takka ja, donerte bort "Min kamp 1" til betre trengande, sa opp internett og la i veg. 31. mai 2010 ankom eg Sverige etter fle

Jävla austlendingar

Trykk på biletet og det blir stort og leselig. Det kan også lastast ned. Eg gjer obs på at der finst innredigert ein faktafeil i denne kommentaren. Då eg hadde 17.mai-taler var det ikkje magert oppmöte, men fulle hus. Min originaltekst er: NOKRE FÅ mötte ikkje opp fordi dei frykta eg skullle sette fyr på stakken deira. Dette har altså blitt redigert til MAGERT oppmöte. Forstå det den som vil.