Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 16, 2009

Hundre år av Herbjørg Wassmo

Medan alle snakka om "Min kamp 1" av Karl Ove Knausgård, sat eg og las "Hundre år" av Herbjørg Wassmo. Wassmo er ein av mine norske favorittar, saman med Vigdis Hjorth. Eg kjem i farta ikkje på andre norske favorittar, bør eg skamme meg som ikkje seier Dag Solstad??, men av andre kvinnelige forfattarar, gud forby å kalle ein forfattar kvinnelig, som skriv om kvinners liv, kan eg nevne i fleng Doris Lessing . Dyktig dame. Eller kanskje eg skal sei klok forfattar. Ok. Ho er ikkje norsk. Men i klartekst: eg digger å lese om kvinners liv og det er kvinners liv Hundre år handlar om. Kvinner og kvinner og deira menn, kjærlighet, skjebnen, ulykker, livet, regnet, døden, skispor, måneskinn, livet. Alt dette finn ein flust av i Hundre år. Mi absolutte favorittbok frå Wassmo, er Dinas bok. Den er fabelaktig. Det er ei slik bok der du blir aldeles frå deg ved tanken på at den snart er lesen ut. I "Hundre år" møter vi att Dinas son som ho fekk med mannen ho blei