Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 7, 2009

Den største terrortrusselen i India er ikkje Pakistan.

(Denne kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 30.januar 2009). 19.desember landar eg i Hyderabad i India. Hyderabad, også omtalt som Cyberabad, ligg i delstaten Andhra Pradesh og husar Microsofts største campus utanfor USA samt tre Taj Mahal hotell. Dei ser alle ut som store slott. Dette er det andre India, seier admiral L. Ramdas, tidlegare sjef for den indiske marinen, der vi står i rulletrappa opp til tredje etasje i Prasads IMAX Theater, verdas største 3D kino. Det første India i denne samanheng, er India utanfor luksusen, og utanfor storbyen der spesielle økonomiske soner som skal gi auka eksport, auka inntekter og større global makt, sakte gneg i seg beiteland og landsbyar der ein bonde tek livet av seg kvart 22.minutt. Dansegalla og sjølvmord Likevel. Det er ikkje få spaltemeter som går med til å mimre over det andre Indias minner om gamle dagars dansegalla i Taj Mahal, og til å fortelle om alle dei nye sikringstiltaka i forbindelse med gjenopninga av hotellet. Nokre spaltemet