Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 6, 2011

Den mørke materien

Visste du at der finst millionar av parallelle verdener? At nokre menneske har sjela si i ein dyrekropp utanfor seg sjølv, og at der bur panserbjørnar på Svalbard? Den mørke materien er Philip Pullman sin fantastiske triologi om Lyra frå Oxford som legg ut på ei ferd via gøynerane i London til panserbjørnane på Svalbard, over ei bru over i ei anna verd. Der finst millionar og milliardar av ulike verder der ute. Dei eksisterer parallellt med kvarandre, mange har til og med same landskap og stadnamn, om du kiker inn gjennom eit vindauge som heng i lause lufta kan du sjå bakkar, strender eller ville dyr med blå pels på ryggen i desse parallelle verdene, men dei ulike verdene kan og vere svært ulike. I nokre av dei har menneska sjela si på innsida av kroppen, slik som vi. I andre, som i Lyra si verd, har menneska sjela si i ein daimon: eit dyr som alltid går ved sida di og som du aldri kan vere langt borte frå. Og alle jaktar dei på mørk materie. Det heile kan tidvis minne om DaVinci

Er det greit at maten skal vere produsert på ein slik måte at vi ikkje hadde orka ete den om vi fekk sjå produksjonsmåtane?