Gå til hovedinnhold

Den mørke materien

Visste du at der finst millionar av parallelle verdener? At nokre menneske har sjela si i ein dyrekropp utanfor seg sjølv, og at der bur panserbjørnar på Svalbard?

Den mørke materien er Philip Pullman sin fantastiske triologi om Lyra frå Oxford som legg ut på ei ferd via gøynerane i London til panserbjørnane på Svalbard, over ei bru over i ei anna verd. Der finst millionar og milliardar av ulike verder der ute. Dei eksisterer parallellt med kvarandre, mange har til og med same landskap og stadnamn, om du kiker inn gjennom eit vindauge som heng i lause lufta kan du sjå bakkar, strender eller ville dyr med blå pels på ryggen i desse parallelle verdene, men dei ulike verdene kan og vere svært ulike. I nokre av dei har menneska sjela si på innsida av kroppen, slik som vi. I andre, som i Lyra si verd, har menneska sjela si i ein daimon: eit dyr som alltid går ved sida di og som du aldri kan vere langt borte frå. Og alle jaktar dei på mørk materie.


Det heile kan tidvis minne om DaVinci koden (som eg ikkje har lese, berre sett på film). Ein jaktar på det gudommelege, på hykleriet som styrer verda og der kirka spelar ei sentral rolle for å dekke over sanninga om herskaren, ein engel som lurte oss alle til å tru at det var han som skapte verda. Og så er det arvesynda, og støve som ligg på oss alle. Dette støvet som ein jaktar på i fleire parallelle verdener, og som Lyra har ein nøkkel til. Støvet vil ein gjerne bli kvitt.

Dette er fantastisk litteratur. Det er i grunnen umulig å beskrive universet og karakterane som Pullman stiller opp. Det er hundrevis av sider, nærmare tusen til saman, og det er fengande, om enn ikkje direkte spennande. Enkelte kapittel er veldig spennande. Ein orker nesten ikkje lese dei, medan andre igjen, og eigentleg det meste av boka, berre er driven fram av fantastiske skildringar, underlige skapningar, dialog og nyfikenheit på kva som no skal skje. Det er berre å beundre denne forfattaren for hans fantasi.

Men ein ting skjøner eg ikkje heilt, og det er kvifor Aschehoug har valgt å kalle bøkene for Den gylne kompasset. Den mørke materien er langt meir dekkande og ein langt meir spennande tittel, men det handler kanskje om kva som var tittelen då første bok vart filmatisert: "Det gylne kompasset". Bok to heiter "Den skarpaste kniven" og bok tre "Ein kikkert av rav". Dette er uansett fantastisk fantasy, og veldig gode skildringar av mellommenneskelege forhold og konflikter. Ein veit ikkje korleis det endar og historia tar ei rekke uventa krumspring, og Pullman sin fantasi har tilsynelatande ingen grenser. Det er berre å hive seg over, lese og la seg rive med sjølv om det tidvis blir litt voldsomt, iallefall for denne lesaren, å hentyde at ein har tenkt å ta seg inn i himmelen for å drepe sjølvaste gud, eller den karakteren som er i guds plass. Det harmonerer ikkje alltid heilt, føler eg, men det funker når ein venner seg til tanken. Eg har framleis eit par hundre sider att, og veit ikkje løysinga på mysteriet. Sjølv om dette er ei bok for barn, kan den også fint lesast av vaksne.

Om nokon har gode tips til andre fantasy-bøker, vil eg gjerne ha tips. Er fersk i sjangeren.



Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...