Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 5, 2011

Fiolinane av Jan Roar Leikvoll: fandenivoldsk brilliant vanvidd

Eg ser at forfattaren Jan Roar Leikvoll er nominert til Kritikarprisen for Fiolinane. Det overraskar meg ikkje.  Fiolinane er eit bestialsk meisterverk, ei knakande framstilling av hud som tørkar som papir i ørkenvarmen, om korleis det går når mor di blir galen og sit og grev ut kjøtstykkar av den daude veslesyster di i eit skur på ein skraphaug. Ein jævlig skraphaug der vandringsmenn byter klinkekuler mot sex med lik, og der far din med voldsomme byks landar på mor di sin skallebrask. Du hoppar med. Knuser henne ned i støvet. Det kadaveret. Tørt skinn, knoklar og eit hol. Eit jævla svart hol. Med byks og sprett forflyttar Leikvolls hovedperson seg over søppelfyllinga. Han slenger seg frå røyr til røyr, frå skrothaug til skrothaug, piner rotter, drep uskyldige dyr. Han er som eit dyr, eit dyr som skal bevise for all verda at eg kan leve. Vi kjenner gasellen som på savannen flyktar frå løva i høge byks. Byksa skal vise løva at "eg er rask, kjapp og sterk, meg kan du ikkje fange&q