Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 5, 2011

Kvifor er det så pinleg å lese husmorporno, og dameblad er dumme..

Forje veke var eg i England. På togstasjonen i Crew gjekk eg inn i ein kiosk og kjøpte ei bok. Eg hadde dårleg tid. Kva kjøper ein då? Jo the number one bestselle r "Homecoming" av Cathy Kelly til halv pris. Ei bok viss omslaget lyser av husmorporno, og du må halde den litt skjult så ingen ser kva du faktisk sit og les. Romantikk, happy ending, lykkelige ekteskap og stor kjærleik. Haugevis av stereotype kvinner med gode intensjonar som har gått på ein smell og no må tenke seg godt om før dei tar neste steg vidare i livet. For slikt skal vi ikkje lese om. Vi skal lese om dei einsame kvinnene på tretti pluss som kjempar med karrieren i beste Marit Eikemo-stil. Eg siktar til boka "Mellom oss sagt" der den single hovudpersonen stressar på bussen, hastar frå mann til mann, har sex på harde golv med typar ho plukkar opp på puben og heng utanfor ein gift manns hus medan regnet styrtar ned. Slik er liksom livet. Beinhardt og fullt av regn. Dette er ei god bok. Slik er det