Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 11, 2012

Rideleir med discomusikk og teikning på hestar i Viksdalen

Igår var eg med på ein rideleir på Fosseheimen Naturpark på Viksdalen i Sunnfjord. Der heldt eg veterinærtime i samband med at eg har gitt ut ei spenningsbok om dyrlegepraksis og hestar, Elise og mysteriet med dei døde hestane.  Her ser du meg og Ronja frå Viksdalen. Ronja har lese boka og synest den var kjempespennande! Så spennande at det var nesten litt skummelt. Det er kjempegøy å høyre tilbakemeldingar frå ungane!  Eg snakka om korleis det er å jobbe som hestedyrlege, korleis ein kan undersøke ein hest og kva som finst inni ein hest. Her fekk dei kjenne på pulsen på kjeven til hesten. Den var ikkje så lett å finne! Sånt må lærast! Vi kikka også inn i hestemunnen og undersøkte korleis den såg ut på tennene og i kinna. Det er ikkje sånt eg anbefaler ungane å gjere når dei er heime aleine! Hestar har dei same beina som oss, men dei er plassert litt annleis. Her viser eg min fot ved sida av ein hestefot for å demonstrere kvar lårbeinet på heste