Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2008

Feminisme på amerikansk

Da eg var i USA, fant eg tre tidsskrift som eg liker godt. Her er ein del godt lesestoff, kule bilder og nye innfallsvinklar når du går deg dritt lei av norsk medieoffentlighets repetisjon og repeterande innfallsvinklar. Det eine er "BUST Magazine":http://www.bust.com . Bust - for women with something to get off their chests. Eit feministisk magasin som får norske "Fett":http://www.fett.no til å sjå svært seriøst og døllt ut. BUST reklamerer for sneakers med glitter på, undertøy og rosa verktøykasser som blant anna inneheld hammar med rosa skaft. Det finn du ikkje i norske feministmagasiner. (Bildet er henta fra www.utne.com), Det andre "Bitch":http://www.bitchmagazine.org . Bitch - feminist response to pop culture. (bildet er henta fra www.bitch.com) Det tredje "Utne Reader":http://www.utne.com . Utne Reader and Utne.com are digests of independent ideas and alternative culture. Not right, not left, but forward thinking. We're most in

I love New York

That is a fact. NY er ein fantastic by. Eg er kort sagt blitt heilt forelska i denne byen etter å ha vore der to veker på påskeferie. Eg liker undergrunnen. Lyden, lukter, folka, musikken, tempoet. Passer meg perfect. Citylife. Ahh enjoy. NY er berre fabelaktig og kan egentlig ikkje beskrives, så eg lar det ligge. Men om du skal dra: ligg unna Times Sqare. Det er berre kjipt. Ligg unna øvre del av Broadway. Ellers: et, drikk, heng ut. Du vil ikkje bli skuffa. Det er kort sagt awesome!! I love NY, og henfaller til klisjeer;) Om du skal dra: sjekk ut lonelyplanet New York (praktisk, oppdatert og har gode kart og undergrunnskart). Kjøp den i NY. Der er den langt billigere enn i Norge. Sjekk også ut Time Out New York. Der står det alt om kvar du kan ete drikke bra innanfor alle slags sjangerar av mat, drikke og klientell. Det kjem ut ny med jevne mellomrom, så ikkje bruk ein Time Out som er fleire mnd eller år gamal. Times changes.

Eg vil vere naken i avisa - kvinnedagen 2008

Dette er eit kåseri sendt på direkten i radiorakel FM 99,3 på kvinnedagen 2008 i radiorakels litteraturprogram Fabulatoriet som sendes direkte kvar onsdag mellom 16 og 17. Eg er feminist . Trur eg sjøl i alle fall. Av og til lurer eg litt. Eg vil for eksempel gjerne stille opp naken på framsida av klassekampen, men når ikkje ein gong simone de bever kan gjere det utan å skape sjokkbølger og rasande debatt innover i det feministiske miljøet, så kan vel ikkje eg gjere det heller. Lat oss legge lista med ein gong. Eg føler meg undertrykt. Av feministane. Problemstillingen er altså denne: aller helst ville eg kaste kleda på framsida av nærmaste avis, men dette strider mot all feministisk tankegang. Eller finnast det argumenter i feminismen som seier at ja, kast kleda, vis puppa, spre beina og blott deg i dagspressa? For å finne argumenter drog eg å skaffa eit urepresentativt utvalg meir eller mindre feministiske bøker. Det er jo trass alt snart kvinnedag og eg føler for å lette

Jenter, bygg nettverk! Gi faen i flisespikkeri og intrigemakeri.

Vasete kvinnedagsdebatt frå Førsund og Tonning i Firda. Les debatten her på Firdas bloggforum. Både kulturentrepenør Randi Førsund og SV-ar Rita Tonning bidreg retorisk til å stemple både seg sjølv og andre kvinner med siste dagars "kvinnedagsutspel" i Firda. Kvar er kvinnekampkompetansen blant kvinnene i fylket? Den er i alle fall ikkje på trykk. Ein kan spørre seg Randi Førsund og Rita Tonning har særlig greie på kva debatten rundt kvinner og kvinners stilling faktisk har dreia seg om siste åra. Argumentasjonen deira kan tyde på det motsette. Kvinnedagsdebatten i Firda har vore prega av vasete utspel og ubegrunna påstander om kvinner og debatt kvinner i mellom. Randi Førsund synest jentetreffet til Sparebanken Sogn og Fjordane verkar litt som «Jenteklubben Grei». – Kva er det å vere vågal, som dei kallar det i brosjyren? spør Farsund. Her er det ikkje Sparebanken som går seg ut på glatta, men Førsund. Dersom ein har fulgt litt med i media, vil ein vite at det har vore my