Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2010

Tomgangsfeitt ekje pent

Avdekker kritikken mot Aulie egentlig berre mediekommentatorar på tomgang, medier på tomgang, feministar på tomgang? Feminisme utan relevans? Kroppskomplekser hos medias kommentatorar? Assa damer, det er ikkje alle som syns det er naturlig å vere ei forfallen dame prega av tomgangslivet på kontoret. Det er faktisk ei greie at mange beveger seg for lite. På tide å trimme litt, gå ut av kontoret og få litt frisk luft?? Tomgangsfett ekje pent. Bjørgulf Braanens glitrande kommentar på saka i dagens Klassekampen.

Vil brenne bunader og slakte eit par fjordingmyter

Les saka her. Artikkel frå Flyt, magasinet til Dyrøyseminaret

Er bygda trendy? NEI

Bygda er ikkje trendy, slo trendanalytikar Ole Petter Nyhaug fast på Dyrøy. Toppturar. Alle skal på toppturar no, alle direktørane i Oslo eller kven som helst, men det varer berre nokre år, til det kjem nye trendar. Då er det over og då er det andre ting folk vil gjere. Det er ikkje slike kortvarige trendar ein må hive seg på, sa Nyhaug. Han har så rett, så rett. Eg har forsøksvis påpeikt dette lenge. Vidare sa han at URBAN er ein veldig sterk verdi hos dei unge. Dette gjer at dei skil seg frå andre aldersgrupper. Ein må følge med og satse på langsiktige verdiar, dei verdiane ein vil savne om ein mistar dei. Dei ein ikkje har lyst til å leve utan. Så gjenstår spørsmålet. Kan vi leve utan toppturar og ekstremsport? Altså: min konklusjon: heller enn å hive seg på kvar ein trend, kvart eit krav som kjem om kva bygda skal vere: ekstremsport, villmark, oppussa bondegardar, villmenn som driv med villsau på ein fjelltopp: TØRR Å TENKE SJØLV. Vis heilt fram at det går an å leve eit vanl

Bygda er for trang

– Distriktene blir så tåkelagte med reklamekampanjer at vi vet det er røverhistorier. Det må være samsvar mellom liv og lære, påpeker Viken. frå Dyrøyseminaret

Feminisme som underhaldning og feministar som lar seg bruke. Forslag: at Marianne Aulie malar norske feminsitar som klovnar

Spørsmål: kvifor er det flott at Vaagland viser kropp og teit at Aulie viser kropp? Eg er ingen Aulie-fan, men altså. Er årsaka at Vaagland ikkje har fin kropp, mens Aulie har fin kropp? Er det det som er skilnaden? Er det altså ok å vise dvask kropp, men ikkje ok å vise fast kropp? Skjønner ikkje. Debatten er komisk. Atter ein gong har Marianne Aulie kasta kleda, kanskje som ein parodi på Demi Moore, og atter ein gong har Dagbladet fått forutsigbare feministar , denne gongen Charlotte Myrbråthen og Hanna Helseth, til å uttale seg og sei at "Aulie er uoriginal og ikkje fri og det her er teit", og så har VG fått Kadra til å gå ut og sei at dette er jålete luksusfeminisme , what ever, ja ho har seff rett i det, men kvifor gidd ho la seg bruke i ein artikkel om ho er seriøs, og at vi har andre ting og tenke på. Jajaja, gi oss fleire selvfølgeligheter. Og det samme seier jo sjølvsagt Amal Aden, og så har vi det gåande. Debatten bevegar seg ca ingenting og det er kanskje meinin

Alanya - Dragene våkner

Eg har altså kasta meg på barnebokkjøret, og det handlar ikkje om at eg går i barndomen, men om at det finst så masse knakande bra barneboklitteratur. Dessutan forsøker eg iherdig knekke barnebokkoden. Dermed kjøpte eg ei bok av Iselin Alvestad, Dragene våkner, på Aschehougs bakgårdssalg, og det einaste eg no greier tenke på er KVIFOR KJØPTE EG IKKJE ALLE BØKENE som Alvestad har skrive. Det er nemlig ein heil serie, og eg antar at alt er like bra. For her er det fantasi i sving, og det skjer så lett og ledig, så naturlig og inneforstått at alt berre er som det skal vere. Det som skjer samsvarar med naturlovene i universet vi opererer i, og dette er inga selvfølge. Om du les Philip Pullmann , mannen bak Den mørke materien, blant andre bøker, eller om du les Harry Potter for den del, ser du at her er store komplekse univers der alt som skjer, skal kunne skje innanfor røynda ein her beskriv. Det er ein kunst, ein grunnpillar i ei barnebok som går over i fantasiens verd: konsekvens. Eig

Den ulende mølleren

av Arto Paasilinna er tidenes lesaroppleving. Eg skjønar på ingen måte kvifor i alle dagar eg ikkje har oppdaga denne fantastiske forfattaren før. Og som det blir sagt: har du først oppdaga han, så er du hekta, og det er kanskje difor han er bejubla og omsett til ei rekke språk. Lat oss kort oppsummere: Heidundrande beskrivelsar Kanonbra sitater Alt crap er kutta ut, ting skjer DER, møllaren drar til bygda og stjel våpen, han set fyr på kirka, han legg i veg! Hjarteskjerande beskrivingar av galskapen i eit sneversynt bygdesamfunn som ikkje tolererer den litt spesielle møllaren som kjem til bygda, og vanviddet i handlingane til mange av innbyggarane i bygda, fullstendig i tråd med menneskeleg psykologi og kva vi er i stand til av dumheiter. Medan den norske bestselgaren Henrik Langeland skriv tekst så flat som eit fortau, så grå som stein, så gørr at du kan grine av det, er Paasilinna eit eksempel på det motsette. Han er ein forfattar som briljerer så til dei grader med språk

Tine-debatt fekk masse mediedekning, men bønder sjølv møtere Tine-debatt med drittkasting. Landbruket må tåle å bli sett i saumane.

Det er med forundring eg har fulgt debattar på diverse origo-forum. Ein del bønder har levert den eine sure glosa etter den andre. Grov sjikane og personangrep er desse webdebatterande bøndene gode på. Dei tolererer ikkje at andre enn bønder har meiningar om landbruk, og dei angrip og høvlar i veg i ordelag som egentlig ikkje tåler dagslys. Dei tolererer ikkje at folk som bur i Oslo kan meine noko om landbruk, og dei tolererer ikkje at folk som er yngre enn dei sjølv, og betre utdanna, men har mindre erfaring med å melke kyr, meiner noko om landbruk. Dei tolererer i det heile tatt ikkje annan kunnskap, elller kunnskap og fakta frå eksempelvis Sverige, og dei tåler ikkje at dei sjølv ikkje har kunnskapens makt i orden til å motbevise argument og dokumentasjon som blir lagt fram. Det er eit alvorlig problem for landbruket. Fleire av trådane på nett har eg no måtta sperra avdi bøndene går totalt av skaftet, slenger drit og argumenterer på eit sånt nivå at det ikkje er forsvarleg å fortse

Dei som hatar kaffe latte/ Kaffe latte-hatet

Det er eit faktum at mange i utkantane hatar Oslo. Eventuelt fryktar Oslo. Eller noko. Kommentaren stod på trykk i Klassekampen som signert-artikkel 18.september 2010. Vite meir? Kvar finst Oslo-hatet? Svar: blant anna på origo.no sine nettdebattar og bloggar «For meg so virkar Anne godt forvirra. Ei stakkarsleg sjel som skal ta bøndene. (...) Nei Anne. Du sitter på kaffe og slurpar kaffe latte som resten av gjengen .» Steinar Hjartholm, bonde frå Sogn i debattråden «Anne Viken parkerer Tines reklamekampanje» på Kubonden sin blogg. Reaksjonen kom etter at eg skreiv eit par bloggpostar der eg påpeikte faktafeil i Tines pågåande reklamekampanje. Gjennom ei årrekke har eg skrive artiklar som tek opp markandsføringa av Sogn og Fjordane. Det tyngste argumentet mot meg har heile vegen vore at eg bur i Oslo. Det går igjen. Og eg kan ikkje klage på det. Eg må bite tennene saman. For korleis kan du forsvare deg, i ein debatt som handlar om noko heilt anna, mot påstanden «du bur i Oslo, e

Tonje Glimmerdal

av Maria Parr er altså ei barnebok , men den er så kostelig genialt fantastisk skriven, og ordbruken så glitrande glimrande at det er aldeles erkebra på sitt aller erkebeste, og ærlig talt, les den sjølv om den er ei barnebok, for dette er fandenivoldsk fengslande, sjølv for vaksne. Kostelig morsomt Overraskande språkføring Glitrande ordvalg og vendingar Den språklege innpakninga er så genialt fandenivoldsk latterlig bra at det er fader meg umulig å beskrive. Les sjølv!

Moro

Nokre folk på nettforum skulle vore beskytta frå seg sjølv

Eg legg ut nokre private epostar eg får i forbindelse med Tine-debatten frå bonde Bergljot Buåsdal Hesvik. Sjå denne bloggposten for å sjå dei føregåande kommentarane. "viss eg har vore stygg i kjeften, så har eg tydelegvis “rørt noko ved deg”, men du har fått svar som du har gått fram sjølv, så enkelt er det! …flir…" "ein kvann som må vera gal…..huttetu….søk hjelp!" Berre til orientering. Slik opptrer altså denne bondekona når ho skal forsvare merkevara norsk landbruk. Det er dessverre ikkje mykje å respektere, men slik går det i demokratisk debatt: når alle som vil kan kome til orde. .

Vittige sitater frå nettdebatten om TINEs kampanje

Om talemåtar i debattforum på nettet. «Tullførkje kaller me sånne som Anne her i bygden. Har rota seg opp i et hjørne i kritikk og uppgulp og annet elende.» Oddgeir Grytdal, Nationens nettforum. Det er til tider svært underhaldande å delta i nettdebattar. Der finst ingen etikette, personangrep er ofte beste forsvar og til tider glir det ut i det utruligaste. Eg brøler tidvis av latter, tidvis ristar eg på hovudet. Det eg synst er underlig, er at ein trur at slike komiske kommentarer som dette bit på. Det er jo berre skrekkelig vittig! «eg registrerer at FRK. VIKEN (Anne Viken, journ.anm.) er ute med sine obsternasiske ord og vendingar – igjen…du er ei ungjente i høve meg, men fullt så gammal er eg no ikkje ennå, og tek dette med eit flir, men eg tykkjer det er synd på deg. No har du gått langt over den seriøse debattforumet dette kunne blitt, men hald fram du i din “frodige” stil ..eit råd til dykk andre, dette er ikkje verdigt for næringa eller bønder generelt, sandt og sei så ver

Kronikk i dagens BT om den store Tine-bløffen

På mjølkekartongar, ironisk nok under ein illustrasjon kalla «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar Tine at alle dei 242. 000 kyrne som mjølkar for Tine har rett til minst åtte veker sommarferie kvart år. Dette høyrest flott ut. Det er berre eitt problem: Påstanden om at alle Tines kyr har rett til åtte vekers sommarferie, er ikkje sann, og det er svært lett å tilbakevise. Eventuelt er det ein faktafeil som skuldast grov kunnskapsmangel hos den som har utforma reklamen. Les den her. .

Anne Viken bur i OSLO!!

Sidan eg begynte å skrive om norske utkantstrøk, eg kjem frå eit sjølv: BYGSTAD i Sogn og Fjordane, har den tyngste argumentasjonen MOT MIN ARGUMENTASJON vore dette Anne Viken bur i OSLO!!! Ja, for ein FORBRYTELSE det er å flytte til OSLO! Ingen av dei pappskallane som hevdar dette, har tenkt på det faktum at eg flytta til Oslo for å ta ein utdannelse, VETERINÆR, som ikkje går an å ta andre stadar i landet enn i OSLO. Ja, Anne Viken bur i Oslo for å ta forbryterske studier. Gud forby. Idiotien i argumentet slår seg sjølv i skallen. I kveld er det debatt på Litteraturhuset i Oslo (skrekk og gru, tenk det ligg i Oslo) klokka 19, samt på Dagsnytt atten. Debatten frå Litteraturhuset blir sendt på Afteposten-tv og på P2 .

Kronikk i dagens Bergens Tidende om Den Store Tine-bløffen

På mjølkekartongar, ironisk nok under ein illustrasjon kalla «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar Tine at alle dei 242. 000 kyrne som mjølkar for Tine har rett til minst åtte veker sommarferie kvart år. Dette høyrest flott ut. Det er berre eitt problem: Påstanden om at alle Tines kyr har rett til åtte vekers sommarferie, er ikkje sann, og det er svært lett å tilbakevise. Eventuelt er det ein faktafeil som skuldast grov kunnskapsmangel hos den som har utforma reklamen. Les den her. .

Her er statestikken Tine sjølv viser til for å bevise at norske kyr går så masse ute, den dokumenterer at dei stort sett står inne

Den same statestikken dokumenterer at norske kyr går veldig lite på beite. Det er Tine Rådgivning sin statestikk, ironisk nok. Det skulle berre ein bloggande veterinær til for å knekke Tines reklamekampanje i fillebitar. Det var litt for lett. Vil du sjølv lese kor mykje kraftfor norske kyr et, og kor lite dei går på beite, anbefaler eg å lese denne tabellen. Tabellen kjem frå den same kilda som Tine sjølv nyttar til å fortelle oss at dei same kyrne går masse ute. Sjå kolonna heilt til høgre. Beitebruk. Tine bablar vidare, i sine klønete formulerte informasjonsskriv, om at norsk kuhelse er veldig bra. Ja, det veit vi. Men seriøst, Tine, det er ikkje det vi snakkar om her, og det begynner å bli ganske tydelig for mange som har fulgt saka at de er nede i kneståande informasjonsmessig. .

Knock out på Tine i dagens Dagbladet

LYG TINE? spør Dagbladet. Her er mitt svar. Tines svar er det same gamle informasjonsskrivet som dei har pøst ut i fleire medier, og som også dokumenterer det eg skriv her under. Det fine er at Tine viser til nøyaktig same statestikk som meg sjølv;) Og ja, Tine lyg. Mitt innlegg: Eg er veldig usikker på om Tine lyg bevisst, har behandla lett tilgjengelige fakta med ein harelabb eller rett og slett har sett bort frå fakta. Tine påstår dei har solid faktagrunnlag. Dette har dei derimot ikkje brukt i utforminga av reklamekampanjen. Då hadde eg ikkje vore i stand til å avdekke ei rekke feil i løpet av fem minutt. Tine påstår på melkekartongar og i avisreklamer at alle Tines 242 000 melkekyr har åtte veker sommarferie, altså åtte veker på beite. Dette er de fakto løgn. Det er ikkje eit krav at konvensjonelle kyr som lever i lausdriftsfjøs (fjøs der kyrne går lause, ikkje står på bås) skal ut på beite. Nye tal, som Tine sjølv har gitt meg, viser at 29 prosent av desse heller aldri sl

MONSTERSTRØK

Min kronikk i Aftenposten idag. Kan lesast her. OVERKØYRT. Norske utkanstrøk går på limpinnen og framstiller ofte seg sjølv som overkøyrte turistdestinasjonar. Dette må snart ta slutt. .

Tine sprer løgner og faktafeil

Siste tida har Tine spreidd direkte løgner og faktafeil om livet norske melkekyr lever i tv-reklame, på melkekartongar og i avisreklamer. (Sidan denne artikkelen kom på trykk, har Tine resignert i dagens Nationen på kronikkplass. Så lenge Tine ikkje vil verken framlegge dokumentasjon eller innrømme faktafeil, kjem det til å kome fleire artiklar basert på at dei bevisst sprer løgn og faktafeil. Det er kanskje på tide at Tine viser litt mediestrategi). Anne Viken, veterinær artikkelen er trykt i Klassekampen som MAO-artikkel, og kjem i andre aviser i løpet av nokre dagar. Tine melks nye reklamekampanje «Kanskje verdens fineste melk», viser at Tine a) anten manglar betydelig kompetanse om norsk landbruks praksis og regelverk, eller b) simpelten spreier løgner, heilt bevisst. Både a og b er oppsiktsvekkande og underslår tilliten til Tine. I dragsuget trekk dei med seg norske bønder. På melkekartongar, irnoisk nok under ein illustrasjon kalt «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar T

Tine har tapt

Dei maktar ikkje legge fram dokumentasjon, og på kronikkplass i dagens Nationen gjentek dei seg sjølv frå eiga nettside. Dei har ikkje meir å kome med. Tines argumetrekke er slutt. Eg har sendt fleire henvendelsar om dokumentasjon, men ingen kjem. Dei maktar ikkje tilbakevise ein einaste av mine påstandar, naturlig nok, og greier heller ikkje tilføre nye argument. Fallitterklæringa er ganske tydelig. .

Veterinær i Tine, Liv Sølverød, vil heller ikkje besvare kvifor Tine lyg. Løgn er ein del av Tines strategi. Etterpå skal den tildekkast.

Tine lyg på tv, i aviser og på melkekartongar. Dette vil dei ikkje dementere. Dei held på sitt, og legg sjølv fram statestikk som dokumenterer at dei lyg. Det er spennande. Det er artig å jobbe med denne saka, og eg får stadig meir tåkete informasjon i hende frå Tine. Dei har invitert meg på møte, og dette skal eg virkelig vurdere. I mellomtida publiserer vi litt saker og ting på denne bloggen. Internett er sabla effektivt. Sitata under er henta får kommentarfeltet på denne bloggposten. Eg skriv i kommenterfeltet til Liv Sølverød: Hei. Ja det hadde vore interessant å møtes, men eg vil gjerne ha dokumentasjon på dette Galtung har sagt om at det mest vanlige synet er at norske kyr går ilag med kalv. Kunne du skaffe meg dette, eventuelt kan de innrømme at dette er feil? Eg jobbar med større prosjekter og treng denne kunnskapen der. Eventuelt må eg skrive at de framset faktafeil som de i etterkant tviheld på. Galtung vil ikkje svare på det. her er linken til saka hos ABC:

Bøndene bør kreve at Tine ikkje sprer om seg med ødeleggande faktafeil og vrangframstillingar

Denne saka kjem ikkje til å stanse her, eller med Forbrukerombudet. Om ein ikkje tek tak i markedsføringa og gjer den sannferdig og faktabasert, kjem slike saker til å ramme bøndene igjen og igjen. Ein må, og det er viktig, tåle å møte tabloid debatt i dagens medievirkelighet med anna enn defansiv retorikk. Kanskje fordi ein frå historia er van med angrep etter angrep. Det har gjort ein defansiv heller enn offansiv. Vi kan sjølvsagt ønske oss ei an medievirkelighet, men det har vi ikkje, og då må vi nesten forholde oss til den som er der. Eg brukar tøffe tabloide verkemiddel, innhaldet i mine saker er ikkje feil av den grunn, men sakene blir tydelige. Det er bra. Ein slår gjennom mediemuren. Det er ikkje eg som ødelegg for bøndene, det er Tine som har valgt å handtere fakta med ein harelabb. Dette må ein også rekne med at blir avdekt, difor stiller eg meg svært undrande til kampanjen. Bønder bør bli sinte på Tine som ødelegg på vegne av dei alle med sin harelabbaktige omgang med f

Svar frå Tine

Eg har bede Tine om dokumentasjon på påstanden Tine har framsett her hos abc-nyheter: - Veterinær Anne Viken skriver i et blogginnlegg at reklamen er misvisende fordi melkekyr og kalver går i samme innhengning? - Det er nok forskjellig fra gård til gård. Men helt urealistisk er det ikke. Reklamen er et utsnitt av virkeligheten. Det er mange versjoner av den, og denne er den mest sannferdige, seier kommunikasjonssjef i Tine, Lars Galtung. Responsen på Galtung-svaret lot ikkje vente på seg: Her er eit sitat frå den økologiske Fjærlandsbonden Johannes Eggen Mundals reaksjon på Galtungs løgn om at Tinekyr oftast går med kalv. Sitatet er gjengitt med tillatelse frå Nationens nettforum og seier vel det meste: «Eg las akkurat det sitatet på abc-nyheiter, og reagerte sterkt på at han seier det er den mest sannferdige historien at kalvane går saman med kyr på beite. Galtung drit seg ut enten fordi han ikkje veit betre eller fordi han ikkje har forstått at det er dumt å fortelje halve

Klokka tikkar. Tine greier ikkje svare på mine henvendelsar..

.. der eg ber om dokumentasjon på påstanden Tine har framsett her hos abc-nyheter: - Veterinær Anne Viken skriver i et blogginnlegg at reklamen er misvisende fordi melkekyr og kalver går i samme innhengning? - Det er nok forskjellig fra gård til gård. Men helt urealistisk er det ikke. Reklamen er et utsnitt av virkeligheten. Det er mange versjoner av den, og denne er den mest sannferdige, seier kommunikasjonssjef i Tine, Lars Galtung. Eg begynner å bli ganske sikker på at Tine spreier bevisste løgner all den tid faktafeila dei serverer er for banale og for openbare. Det er vanskelig å tru på at Tine ikkje er klar over at det så og sei aldri hender at norske melkekyr går ilag med kalv.

Tines løgner tar kaka, eventuelt bør Tines kommunikasjonsavdeling slutte å drikke på jobb

Makan til lettilgjengelig stoff har eg sjeldan, det ramlar meg i hende, takk til Tine. Følg med. Eg skriv i denne natt fleire nye artiklar som skal ut i nasjonale medier, med nye faktafeil, smekk fulle av løgner som er så fantastiske at du skulle tru det var ein vattnisse som stod bak dei. Men så er det altså berre Tine som lyger lett og lystig til det norske folk. Beklager å sei det, men feila dei kjem med er så grenselaust banale at eg nesten må le når eg ser dei. Eg har eit heilt seriøst spørsmål. Eg lurer faktisk virkelig på: Drikker Tines kommunikasjonsavdeling på jobb? Det bør dei i såfall slutte med Følg med. .

29 prosent av alle kyr på lausdrift går ute, viser tal

Tala viser derimot ikkje kor lenge dei går ute. Det kan vere to dagar, ti dagar, to veker, altså langt mindre enn åtte veker. Det betyr at dei tretti prosenta som står på lausdrift, antageligvis får langt mindre beitetid enn åtte veker, som er kravet for båskyr i konvensjonell drift. Om vi hadde hatt pålegg om åtte vekers utegang for desse, hadde vi kunna også meir sikkert sei at dei går ute tilstrekkelig lenge, men det kan vi altså ikkje per idag. .

Nye løgner frå Tine

I denne saka på ABC-nyheter hevdar kommunikasjonssjef i Tine, Lars Galtung dette: - Veterinær Anne Viken skriver i et blogginnlegg at reklamen er misvisende fordi melkekyr og kalver går i samme innhengning? - Det er nok forskjellig fra gård til gård. Men helt urealistisk er det ikke. Reklamen er et utsnitt av virkeligheten. Det er mange versjoner av den, og denne er den mest sannferdige, sier Galtung. Dette er ei ny løgn frå Tine. Det er usant at norske kyr som er i melkeproduksjon går med kalv. Dette er nok ei lett tilbakeviseselig løgn, og eg tek meg i å lure på om Galtung kjenner verke realitet eller regelverk. Det er kun ammekyr, ein svært liten andel av melkekyrne, som går med kalvar på beite. Regelen er at kalvar går for seg, og kyr for seg. Dei går ikkje ilag. Det er kjøttfekyr som går ilag med kalvar, og kjøttfe leverer til Gilde, ikkje til Tine. Men dette antar eg at Galtung kanskje er klar over. Eg begynner jo seriøst å lure litt på kompetansen der i gården. Kalv hos

Tine vedgår løgner i sin kampanje og er anmeldt til Forbrukerrådet.

Her skriv Tine: "Et nylig gjennomført forskningsprosjekt i regi av Norges Veterinærhøgskole og UMB viser at 71 prosent av kuene i løsdrift er ute på beite." I klartekst: 29 prosent av kyr i lausdrift aldri går på beite. Dei står inne i fjøset året rundt, stikk i strid med Tines løgnkampanje. Tines tal er heilt riktige og eg har bygd min argumentasjon på nettopp dette faktum: ikkje alle norske kyr har 8 vekers sommarferie, slik Tine prøver å lure oss til å tru. Bra jobba Tine! No kjem fakta på bordet;) Eg er imponert over dykk. Følger spent med. .

Vis kunnskap. Eg angrip ikkje norske bønder. Eg angrip Tine

Det krev mykje komptanse å gå inn i debatten om Tine. Prinsippet er: sann reklame, og fakta: norske lausdriftskyr har ikkje krav på å gå på beite. Dei færraste har, bli ikkje fornærma, praktisk og juridisk kunnskap om norsk landbruks regelverk og praktiske kvardag. Difor er det også viktig å halde tunga rett og edruelig i gapet når ein debatterer dette tema. Det er nok likevel mange som vil gå rett i fella og angripe bøndene. Det vil vere svært kunnskapslaust. Det er ikkje bøndene som har laga denne reklamefilmen eller regelverket. Norske bønder er hardt økonomisk pressa, desto viktigare med sanne merkevarer, desto viktigare at sanninga kjem fram i lyset slik at situasjonen kan forbetrast, at vi kan fortsatt behalde eit landbruk i verdsklasse og at vi kan produsere berekraftig. Vis kunnskap og gangsyn slik at det går an å få ein kompetansebasert debatt. Lite er vel verre enn dumme argument av typen "ja det var det vi visste, norsk er ikkje så bra". Det er faktisk enda tei

Tine lyg om glade kyr, skriv Elin Ørjasæter

Les saka her hos E24. Tine må slutte å tilsløre sannheten med tåpelige reklamekampanjer, skriv ho. Ein kan vel ikkje bli meir einig. Fleire saker kjem frå fleire medier i løpet av dagen. Takk gud for Twitter og blogg. Det er ufattelig effektive redskap i å nå og engasjere publikum. -

NRK debatt P1 mellom klokka 15 og 16 idag om Tines merkevarebløffing

Eg antar Tine kjem til å vise til statestikk om at dei fleste norske kyr får kome ut, men det underslår ikkje det faktum at ein stor del norske kyr aldri går på beite, og det faktum at det er lovlig å halde norske kyr i lausdrift inne heile året. Det er ingen tvil om at mange bønder slepp ut kyrne sjølv om det ikkje er påbode, men det er heller ingen tvil om at mange benyttar seg av muligheten til å halde dei inne. Vi snakkar ganske store tidsbesparingar i arbeidet med å sleppe dyra ut og inn. No er spørsmålet om Tine har tenkt å ødelegge enda meir for norske bønder, eller om dei er i stand til å ta ansvar og svare for seg. Men medan Tines reklamejobbar, er Tines melkelevarandørar avhengige av å kunne drive gard. Tine bør skjøne at dei har eit ansvar, men Tine er ikkje så mediesmarte, gitt reklamefilmen. Kanskje tar dei likevel skeia i rett hand. feilinfo er skadelig for Tine men mest for melkeprodusenter. Får håpe ikke Tine gjør tingene verre, med bortforklaringer. sitat melkebond

Løgnaktig Tine-reklame i magasinet igår

Ny løgn. Her vert det hevda at Tines kyr har 8 vekers sommarferie. Dette er usant. Kyr i lausdrift i Norge, har ingen krav på sommarferie.

Blank løgn på melkekartongar.

Her hevdar Tine at alle deira melkekuer har rett til åtte vekers ferie. Dette er løgn. Kun kyr på bås har krav på dette. Kyr i lausdrift har ikkje krav på utegang i Norge.

Løgnaktig Tine-reklame er god og sann reklame, meiner Tine sjølv

Les saka på Nationen.no her. Blogger og veterinær AViken vs Tine, den melkefine. Tek imot bilder og info om Tines reklamekampanjer, bla bilder av div melkekartongar. viken.anne att gmail.com eg skal faktasjekke materialet. Har fått ei rekke tips med klare faktafeil i. Det overraskar meg ikkje at Tine sjølvsagt seier at reklamen er sann. Kva anna kan dei sei? Dei kan ikkje tilstå, eller gå ut med, kor feilaktig det er, kor smekk full av faktafeil reklamen er. Kanskje veit dei det ikkje sjølv ein gong. Avstanden frå Tines kontor til norske bønder er stor. Større enn kva godt er. Dei unnlet sjølvsagt å kommentere videoen dei har lagt på nettet. Denne videoen som minnar meir om eit folkeeventyr enn norsk landbruk i 2010. Eg spør meg om Tine veit dette, eller kanskje dei trur, der dei sit og tel pengar og brygger falske merkevarer, at det er slik norsk landbruk er? Eg blir ikkje forundra. Kunnskapsløysa verkar vere stor. Eg venter spent på kor langt Tine er villig til å gå i løgn på v

Nei til Tines lögnaktige produktreklame, ja til kyr på beite

Tine melks nye produktreklame « kanskje verdens fineste melk », viser oss tydelig at Tine a) anten manglar betydelig kompetanse på kva som foregår på dyrevelferdsfronten i andre land og difor trur at Norge er best, eller b) at dei simpelten spreier lögner, heilt bevisst. Både a og b er oppsiktsvekkande. Eg har, som veterinär, sett på kampanjen og kommenterer den utfrå ein faglig ståstad. Denne artikkelen ligg også som sak hos Ukeavisen Ledelse. Eg vil anbefale folk å tipse Forbrukerombudet, av faglige og saklige hensyn. Melk og mat er viktige miljömessige, politiske og ikkje minst internasjonale matpoliske felt som krev ei sannferdig og kunnskapsbasert framstilling om vi skal kunne ta stillling til etikk, produksjon, miljö og bärekraft i våre valg som forbrukarar. Tine bidreg med si reklame til å fordumme, tilslöre og spre feilinformasjon om viktige problemstillingar. «Vi gjör alt for at kuene skal trives. Sånt blir det god melk av,» er avslutningsteksten på den förste filmen i Ti

Dårlige argument mot utbygging

Utkantstrøk har ikkje argumentasjonen i orden i kraft og vindmøllesakene. Difor snakkar ein om turistar som ikkje vil komme, samt bygd mot by. kronikk trykt i Firda 1.september 2010 Debatten om Hardanger har blitt eit spørsmål om sentralmakta si overkøyring av lokaldemokratiet enn spørsmål om kraftlinjer. Det har også blitt ein debatt om bortskremte turistar. Lat oss vere realistiske: dette handlar ikkje om nokon av delene. Punkt ein: kven skjønar seg på Vestlandet? Kven veit Vestlandets beste? Professor Iver B. Neumann snakkar om at motstanden mot utbygging finst i små sytesamfunn. Han har openbart ikkje fått med seg den massive motstanden som har vore mot dei såkalla monstermastene. Han skjønar oss ikkje. Han er for langt borte, nærmare bestemt på det forbaska Austlandet. Ein skal ha sjølvtillit for å tåle og bli hersa med. Eventuelt har ein i vest fått godt nok av å bli styrt av det som i omtrentlige ordelag vert omtala som betrevitarar, teoretikarar samt natur- og livsfjerne b

Har ein kronikk på trykk i Firda idag

mot turistargumentet i utbyggingsdebatten. Turistane SKYR IKKJE berørte områder. Det er bullshit. Skal ein vinne kampen om utbygginga, må ein ta i bruk argumentsjon som held vatn. Tar gjerne imot bevis på det motsette

Skuffende om økologisk i Time

Av og til blir eg så deprimert på vegne av media. Kunnskapsløysa på mange felt, som tilsynelatande er akseptert i mediehusa, er trist. I går på Gardermoen, på veg frå Bjørnsonfestivalen til Oslo, såg eg overskrifta lyse mot meg frå framsida av Time: "The Real cost of Organic Food". Hurra, tenkte eg. Ei seriøs blekke som ser på eit viktig tema. Eg kjøpte Time, og leste den på flytoget, men blei svært skuffa. Ein av fordelane med økomat, som var lista opp, var fråver av antibiotikabruk på produksjonsdyr i økolandbruket i USA. Det er heilt klart ein fordel å redusere antibotikabruk i landbruket, det er det ingen tvil om og ingen uenighet om, men det er eit stort steg å nekte sjuke dyr helsehjelp. Det er i mange tilfeller avgjerande at eit dyr får antibiotikabehandling for at det skal overleve, eventuelt sleppe å ligge og plagast i mange dagar før det stryk med. Eg synest det er underlig at ein ikkje har kompetanse til å sjå gjennom dette heilt enkle faktum: å nekte dyr helsehj