Gå til hovedinnhold

Vittige sitater frå nettdebatten om TINEs kampanje

Om talemåtar i debattforum på nettet.

«Tullførkje kaller me sånne som Anne her i bygden. Har rota seg opp i et hjørne i kritikk og uppgulp og annet elende.» Oddgeir Grytdal, Nationens nettforum.

Det er til tider svært underhaldande å delta i nettdebattar. Der finst ingen etikette, personangrep er ofte beste forsvar og til tider glir det ut i det utruligaste. Eg brøler tidvis av latter, tidvis ristar eg på hovudet. Det eg synst er underlig, er at ein trur at slike komiske kommentarer som dette bit på. Det er jo berre skrekkelig vittig!

«eg registrerer at FRK. VIKEN (Anne Viken, journ.anm.) er ute med sine obsternasiske ord og vendingar – igjen…du er ei ungjente i høve meg, men fullt så gammal er eg no ikkje ennå, og tek dette med eit flir, men eg tykkjer det er synd på deg. No har du gått langt over den seriøse debattforumet dette kunne blitt, men hald fram du i din “frodige” stil ..eit råd til dykk andre, dette er ikkje verdigt for næringa eller bønder generelt, sandt og sei så vert det ikkje teke alvorlegt, har “frøken Viken” lite grann folkeskikk så legg ho om taktikken…vi får håpa den kjem med åra…."

Bergljot Bruåsdal Hesvik, bonde i Rosendal, i debattråden «Tines løgnaktige produktreklame» på Nationen sitt forum for nettdebatt, og vidare: «du er ingen seriøs debatant slik du hauser fram, til meir du skriv og dreg fram div. ser eg eit mønster som seier meg at du må ha div. Problemer !» Bruåsdal Hesvik i «Nei til Tines løgnaktige produktreklame».

Ein har altså personlige problemer om ein er kritisk til Tines reklamekampanje. Og ikkje nok med dette, ein drikk også kaffe latte:

«For meg so virkar Anne godt forvirra. Ei stakkarsleg sjel som skal ta bøndene. Mine kyr står på bås, men dei har da so godt atte. Ute og kosare seg heile sumaren og halve vår og haust. Nei Anne. Du sitter på kaffe og slurpar kaffe latte som resten av gjengen.» Steinar Hjartholm, bonde frå Sogn i debattråden «Anne Viken parkerer Tines reklamekampanje» på Kubonden sin blogg.

Skratt.

men til slutt: dette er eigentlig ikkje noko å le av. Det er tragiske sitat på vegne av bøndene.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Keisaren er naken: norsk landbrukspolitisk retorikk

Ein bygger ikkje landbruk på retorikk. Av veterinær, journalist og forfattar Anne Viken. Klikk på bileta så blir dei store og leselege. Lat oss ta ein rask kikk på utviklinga i landbruket sidan 2005. I denne perioden er det fjerna 18 000 årsverk frå landbruket og lagt ned 8330 gardar. Nedgang i kornareal er på 285 633 dekar og reduksjonen i dekar fulldyrka areal er på 456 219 dekar. Dette har ikkje skjedd på tross av, men på grunn av, landbrukspolitikken. Tala kan ikkje bortforklarast.  Fakta: Nedbygging av kornareal dei siste åtte åra er rekordhøg i norsk samanheng. Fem tusen fotballbaner med korn har forsvunne kvart år sidan 2005. I det same tidsrommet har kraftfôrimporten auka med 108 prosent, og matkornimporten stige med 72,9 prosent. I klartekst: Norge bygger ned eigne kornareal, på same tid som vi importerer stadig meir kraftfôringrediensar og matkorn. I 2012 importerte vi, ifølge Statens Landbruksforvaltning, 697 869 tonn kraftfôr til Norge, meir enn dobb...