Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 2, 2008

Les Fett - tidsskrift for damer som vil ha noko anna enn informasjon om siste trusemote

Nytt nummer i salg no! Her har blant anna underskrivne skrive eit portrettintervju av professor i samfunnsmedisin, Johanne Sundby. Sundby er ikkje redd for å seie at ho er flink. Det er bra. Sånne damer kan fungere som forbilder for oss andre som også meiner vi er flinke. Eg anbefaler alle å lese dette intervjuet (sjølvsagt - det er jo meg som ha skrive det, men på den andre sida seier Sundby veldig mykje bra om kvinner og debatt). Vi treng fleire flinke damer som kan bidra til å heve blant anna nivået i samfunnsdebatten med kunnskapsbaserte utspel. I dag er debatten dominert av menn i stor grad. Det er ikkje farleg å delta, einaste ein må vere forberedt på, er alle dei som manglar kunnskap og som liker betre å uttale seg om person enn sak. Desse debattantane vil vel alltid vere der, ein må berre heve seg over dei. Då kan dei som ikkje liker det du skriver, berre sitte der på gjerdet sitt og banne medan dei slår i veggen og jamrar seg. Eg møter aldri denne sistnevte kjøkkenbordgru

Dyrevernsorganisasjonen NOAH bidrar til å fordumme norsk offentlighet

Dyrevernsorganisasjonen NOAH har liten eller ingen tillit i faglegekretsar, og bidreg til å fordumme publikum i bjørnedebatten. (lesarbrev i Firda onsdag 2.juli 2008) av Anne Viken, journalist og snart ferdig utdanna veterinær. Som journalist i eit av Noregs største mediehus blei eg fråråda å bruke NOAH som kjelde i saker, nettopp på grunn av organisasjonensrykte som fagleg lite etterretteleg, og med god grunn. NOAH har liten eller ingen tillit i faglege kretsar, blant anna på grunn av at deistadig skriv denne typen lesarbrev spekka med fagleg upresise påstander og tendensiøs bruk av statistikk. Heller enn å framstå som ein fagleg seriøs aktør som bidreg til å hevenivået i bjørnedebatten, sausar NOAH saman tal og påstander, og spelerpå denne måten på lesaranes uvitenhet om dyr og rovdyrpolitikk. NOAH bidreg med fagleg fordumming av publikum. NOAH bidreg også til åforsterke sitt eige rykte som useriøse.Eg foreslår at NOAH for framtida set seg inn i sakene dei frontar. Kanskje kan dei