Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 30, 2011

Frå beite til bur: mitt innlegg om landbruk på Frp sitt fylkespartimøte i Sogn og Fjordane 30.januar 2011.

Frp har store ambisjonar på landbruksfronten så eg tenker kome med ein del landbrukspolitiske innspel. Det finst ein ganske talande tittel på norsk landbrukspolitikk idag. Den lyder: Eg gjer merksam på at eg ikkje er medlem av Frp eller noko anna politisk parti for den del. Frå Beite til bur.  Medan ein i regjeringsplattformen Soria Moria skriv at ein ønsker å auke bruken av beite i Norge, er dette langt frå kva som er praksis. Sanninga er at norsk landbruksproduksjon i stadig større grad vert flytta frå beite til bur. Produksjonen blir flytta frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Produksjonen er flytta frå dyr som blir slept på beite til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar utan tilgang til dagslys. Eg snakkar om kylling, kalkun, verpehøns og gris. Desse dyreslaga, som lever på kraftfor og vatn, vert det produsert stadig meir av i Norge.  I 2007 produserte vi i overkant av 56 millionar broilerkyllingar i Norge.