Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2013

Går til skjermen!

Fakta om hald av ein glad kanin from anne viken on Vimeo . Video: Kjappe fakta om korleis halde kanin som kjæledyr på ein måte som er bra for kaninen.

Alt som skjer i Elise-bøkene er basert på verkelege hendingar og research

Eg gleder meg! Det blir spenningsbok. Bok to om Elise legg seg, frå starten av, to spenningshakk over bok ein. Testlesarane meiner den er ganske nifs, men ikkje for nifs. Litt nifst må det trass alt vere når Elise er i praksis! Kilder til historier, miljø og bakteppe i Elise og mysteriet med dei døde hestane : Bakom synger skogene, Trygve Gulbranssen Gøsta Berlings saga, Selma Lagerlöf Mannen som lytter til hester, Monty Roberts Dette er hytta eg budde i. Og hytta der Elise og Kalle bur Case frå praksis er henta frå Jämtland i nord-Sverige. Alle er autentiske og medisinsk korrekt attgitt. Hesten Anton er beskriven ned på detaljnivå korrekt, med diagnoser, symptomer og behandling, dag til dag. Han var min pasient, og eg brukte journalen hans då eg skreiv boka for å attgi den korrekt, men hesten er i boka flytta til eit anna miljø som på ingen måte minner om dei glimrande eigarane som tok seg av "den verkelege Anton". Alle pasientar i bo

Ny Elise-bok: Elise og mysteriet på hesteklinikken, kjem høsten 2013!

"Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle seriøst trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etterkvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar." Anne Viken er dyrlege. Ho har tidlegare skrive Elise og mysteriet med dei døde hestane. Elise og mysteriet på hesteklinikken er ein frittståande oppfølgar i spenningshesteserien om Elise." Slik ser bok to om Elise ut. Den kjem til høsten 2013 og coveret er laga av Øystein Vidnes. Om du vil sjå alle utkasta som vart laga før det endelege coveret vart klart, kan du klikke her. Samlaget 2013. Elise og mysteriet med dei døde hestane kan bestillast her.

Plastskrot på havet drep sjøfugl

Kvart år vert det plukka mange titals tonn søppel frå viker og bukter på Værlandet. Søpla kjem frå privatpersonar, oljeindustri og fiskeri. Du finn alt frå plastposar til støvlar og flasker. Sjøfugl som et plast går ein pinefull død i møte. På bileta brenn vi drivved og materiale, pallar og plankar. Nokre fulle i spiker som dei beitande villsauene eller folk kan trakke på. Moralen er: hiv ikkje søpla di på havet. Det ser stygt ut og gjer stor skade på fugle- og dyreliv    

Villsauenes rike er også natur-, fiske- og fugleparadis

Værlandet og Bulandet. Her møter ein havørn, oter, kobbe og sjøfugl kvar dag.

Brenning av lynghei

Brenning av lynhei gir fine sauebeiter. Gamal næringsfattig lyng brenn vekk og ny næringsrik veks opp og vert til gode villsaubeiter. Brenninga de ser bilete av er på Værlandet i Sogn og Fjordane. Ein brenn avgrensa områder, gjerne med naturlege avgrensingar som bergveggar og sund. Brannen er kontrollert. Lynghei er eit kulturlandskap skapt av beitedyr og brenning. Om ein ikkje brenn og beitar vil skog vekse opp og lyngheia bli overgrodd. På grunn av nedgang i antal beitedyr har mykje lynghei forsvunne og blitt erstatta av skog. Lese meir om villsau og sjå fleire foto frå Værlandet? Sjå dei to føregåande postane på bloggen.

Villsauhald langs kysten

Idag var eg med ut i båt og såg til villsauer på Værlandet. Vi traff blant anna tre hjort, havørna på nært hald to gonger, oter og tjeld. Fantastisk natur og dyreliv blant øyane. Så gjekk vi i land og såg til sauene. Kaffe var med. Her er fantastiske viker med sandbotn, øyer og strender. Litt info om villsau. Villsau er betegnelsen på sauer av rasen gammal norsk sau, Norges ursau, som lever ute heile året på kysten og beitar på lynghei. Nokre trur at slike utegangarsauer ikkje kan temmast, men det kan dei. Berre sjå bileta! Ved rett stell og handtering er dei like tamme som "vanlege sauer". Det er viktig å ta seg av og sjå til sauene sjølv om dei lever ute. Dei skal ha vaksiner og parasittbehandling, og ulla skal av. Om dei ikkje feller ulla, fleire rasar feller nemleg ulla sjølv, eller blir klipt, vert dei gåande med dobbel fell. Villsau skal ikkje berre overlatast til seg sjølv. Dei skal ha tilsyn slik som andre sauer. Dei er ikkje levande plenklipparar ein kan ha gåande