Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 17, 2009

Når sensor er ein gal, gal kontorist med firkanta briller og rødt hår

Eg var så gudsjammerlig heldig å avlegge ein skamlett muntlig eksamen ein gong i tida. Eg var på denne eksamenen så grusomt heldig at eg trakk eit tema eg ikkje hadde lese eit ord om, så eg sat å stava og svarte så godt eg klarte. Etterkvart begynte eg å bli ganske sinna på eksamintor. Ho sat å kvessa og spurte og maste om ting og detaljer som eg openbart ikkje kunne svare på. Kva var poenget? Det var som å snakke kinesisk til ein person som ikkje forstår kinesisk. Ja, det var ganske ille og eg vart sintare og sintare. Satte kvitauget i eksaminator og tenkte "Kjør på! Vil du sloss så kan vi gjerne sloss." Etterkvart klarte eg å trakke utpå og fornærme både sensor og eksaminator med ein fleipete kommentar om byråkrater. Denne kommentaren traff begge desse strenge kontorrottene midt i sjela, og sjølv om eg ettertrykkelig forklarte at dette var ein dårlig spøk frå mi side, var skaden alt gjort og inntrykket uopprettelig. Karakteren ramla nedover skalaen. Eg gjekk frå eksamen, r