Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 31, 2007

Omdømet til Sogn og Fjordane inn i år 2008: Stagnasjon eller rom for nytenking

I dagens leiar i Firda kunne eg lese dette: "Vi vil hevde at Sogn og Fjordane er betre rusta for å møte framtida no enn for eit år tilbake, ikkje minst fordi 2007 har vore året då vi for alvor har teke til å drøfte fylket vårt i eit framtidsperspektiv og kva vi kan gjere for å betre omdømet frå å vere ein sidrumpa tradisjonsberar til å bli eit framtidsretta fylke med eit spennande utviklingspotensial. (...) Stikkord som bunadsdebatt og tenketank viser i alle fall at vi er begynt på vegen. Ein viktig del av denne utviklinga, er at mange murar er i ferd med å bli demonterte", skriv Firda på leiarplass. I vår skreiv eg eit lesarbrev i Firda under tittelen "Imageproblemet Sogn og Fjordane". Dette innlegget skulle etterkvart skape det fleire omtalar som den heitaste debatten i Sogn og Fjordane etter andre verdskrig. Det var avisreportasjer, oppslag og ein lesarbrevstorm i avisa Firda. Ord som bunadsbål, bunadspyroman, bunadsbrenning, imagedebatt og andre ord kom på trykk