Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2007

Imageproblemet Sogn og Fjordane

(Innlegget som var utgangspunkt for debatten om fylket sitt image i desse dagar er her gjengitt i si heiltheit. stod på trykk i Firda mandag 26.feb 2007). Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal markedsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Det er på tide å tenne eit bunadsbål og slakte eit par fjordingmyter. Eg kjem frå Sogn og Fjordane, eg snakkar og skriv nynorsk, har ridd på fjording, eig ein Sunnfjordbunad og har ei sæter på heia med gras på taket. Eg lærte å danse folkedans på skulen, og voks opp på ein gard like ved ein fjord, ved foten av eit fjell. Sånn sett lever eg opp til alle klisjeane ein måtte ha om Noregs streitaste streitingfylke og folka der. Trivselsfylket, annleisfylket, Sogn og Fjordane, fjordafylket, verdas beste stad å bu ifølgje statestikken. Men for seks år sidan lot eg bunaden henge og flytta til Oslo. Det var på tide å skaffe seg høgare utdanning. No er eg høgt utdanna, eg har alt bunad, no søker eg jobb. Og sjølv om eg likar nasjon

Eg kjem frå Bygstad. Eg har bunad: Til kamp mot bunadseliten

Hei alle venner, kjente, kritikarar og andre. Firda har lagt ut eit svært fint bilete av meg på nettsida si, difor legg eg ut eit enda finare her. ja eg er ganske forfengeleg, og det er oftast ein god eigenskap. Les heile saka frå Firda.no her:Anne er flau over bunads-fylket på kongefesten.Oslo-skribent frå Bygstad ønskjer image-debatt – Det er på høg tid å skifte PR-strategi. Det er på tide å tenne eit bunadsbål og slakte eit par fjordingmyterAv: Vidar Gudvangen – Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal marknadsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Dette skriv journalist og student Anne Viken frå Bygstad i eit lesarinnlegg i Firda måndag. Vart fylket framstilt på riktig måte under kongefeiringa? Sei di meining på forum.firda.no Les også: Får kuppe kongefesten Hardingfele og bunaderViken som er busett i Oslo reagerer sterkt på det ho kallar ei einsidig marknadsføring av hardingfele, kved og bunader i Sogn og Fjordane sitt bidrag til feiringa av 70-årsjubilante

Klimafiendtlege medier

Billeg og dårleg sensasjonsjournalistikk er klimadebatten neppetjent med, skriv Anne Viken. Debattinnlegg. Vårt Land 10.januar 2007. Ikkje all medieomtale gagnar klimaet.Torsdag 4. januar har VårtLand oppslag på at det er langt dyrareå ta tog mellom Oslo og Bergenenn det er å ta fl y. Vidare kanvi lese at standardprisen på tog påstrekninga er 728 kroner ein veg,mot mellom 366 og 1.646 kronerein veg med fly. Altså viser reknestykketat det er langt dyrare å tatog enn fl y på den konkrete dagenjournalisten har sjekka ut. Det er ei kjensgjerning at om einbestiller billetten same dag som einvil reise, får ein ofte ikkje spesieltgode prisar, men at ein på eit sliktgrunnlag slår opp på framsida avavisa at prisen på ein einvegsbillettOslo-Bergen er 728 kroner, vert direktefeil. Her ligg dårleg og klimafiendtleg journalistisk researchtil grunn.Vil du ta toget mellom Oslo ogBergen, er det nemleg ei enkel sakå få miniprisbillettar til 199 kronerein veg. Du går inn på www.nsb.no,fyller ut reisestr

Til kamp mot bunadseliten

Imageproblemet Sogn og Fjordane Debattinnlegg i Firda. Av Anne Viken, tekst og foto . Foto viser Kurt Andrè Aase, ein langt betre representant for fylket enn bunadskrapryla. Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal markedsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Det er på tide å tenne eit bunadsbål og slakte eit par fjordingmyter. Anne Viken, oppvaksen i Bygstad. Journalist. Bachelor i Internasjonale studier. Studerar veterinærmedisin ved Norges Veterinærhøgskole, Oslo. Eg kjem frå Sogn og Fjordane, eg snakkar og skriv nynorsk, har ridd på fjording, eig ein Sunnfjordbunad og har ei sæter på heia med gras på taket. Eg lærte å danse folkedans på skulen, og voks opp på ein gard like ved ein fjord, ved foten av eit fjell. Sånn sett lever eg opp til alle klisjeane ein måtte ha om Noregs streitaste streitingfylke og folka der. Trivselsfylket, annleisfylket, Sogn og Fjordane, fjordafylket, verdas beste stad å bu ifølgje statestikken. Men for seks år sidan lot eg bunaden he