Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 26, 2011

Talent for lykke

Det har blitt gitt ut ei rekke bøker om korleis skrive god litteratur. Kast dei i peisen. Les Ari Behns "Talent for lykke", ei lærebok i litterær briljanse. Dra ditt visakort i nærmaste bokhandel. Les den så tre gonger.

Veterinærar i samfunnsdebatten

Veterinærar er ei faggruppe som er så og sei usynleg i norsk samfunnsdebatt. Kvifor er det slik? Ikkje godt å sei. Synd er det uansett då faggruppa har mykje relevant informasjon å kome med. No har studentar ved Norges Veterinærhøgskule tenkt å gjere noko med saka. Dei har starta Fagpolitisk Forum som arrangerer livedebattar med panel og publikum ved NVH, opent for alle. Blant tema som står på planen er hundeavl (forje møte), kyllingproduksjon og tja, kanskje også: dei tause veterinærane. Sjekk ut deira Facebook-gruppe og følg med.