Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 16, 2010

Imagedebatt: ønska eller helst uønska

Eg var på fest i Bygstad i jula. Då var det ein kar som sa til meg at han var redd for å ha meg på besøk all den tid han hadde fleire bunader og feler ståande framme. Det var ein spøk frå hans side, men sidan eg ikkje har på meg skotsikker vest i dag, skal eg forklare eit enkelt ord: metafor. Ein metafor er eit språklig bilde for noko anna, og « Brenn bunadene » er eit språkleg bilete for at vi treng eit nytt bilde av Sogn og Fjordane. Metaforar er barneskulepensum, men eg kjenner til barneskulelærarar som seriøst trudde at eg ville sette fyr på bunader og sluttar meg herved til kritikken av nivået på norske lærarar. No har eg ikkje kome hit for å bedrive eit reinspikka raid mot bunadseliten (ein metafor/ språkleg bilete for låg takhøgde), men eg vil likevel nevne buandsdebatten med eit par alvorsord all den tid den debatten for evig tid har brent seg inn i mitt bilete av mitt heimfylke Sogn og Fjordane. Mitt engasjement er og var eit personlig engasjement basert på ei interesse for So

Er den nye lov om dyrevelferd så fin som den høyrest ut til?

I « Lov om dyrevelferd » som trådte i kraft 1. januar får norske husdyr eit sterkare vern. Dette er bra og nødvendig. Likevel klarer eg ikkje å vere like begeistra som landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) gjerne vil ha meg til å vere, og det er paragraf tre eg heng meg opp i. Her står det nemlig at dyr har eigenverdi : «Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger». Sjølv om den nok er godt meint, framstår paragrafens bruk av ordet eigenverdi på grensa til pervers. Årsak: eg har sett bak for mange norske låvedører og bak dørene på for mange norske slakteri. Desse dyras liv vil neppe endre seg ved å putte eit vakkert ord inn i ein lovtekst all den tid det i stor grad er uendra forskrifter som detaljregulerer. Eigenverdi vil difor frå 1.januar 2010 bety fjørlause, halte kyllingar med knekte venger stabla tett i tett i plastkassar før dei vert gassa i

Eit gufs frå fortida

Det som eg meiner er eit problem, bortsett frå det som står i kronikken , er at det ser ut for meg til at politikarane ikkje er i synk med dei som er nyutdanna. Dvs dei følger ikkje med, er dei for gamle,spør eg meg av og til. Er dei i kontakt med unge, veit dei kva som foregår, er dei klar over at problemet faktisk er at mange vil flytte hit, men at dei ikkje finn seg jobbar??? Eg lurer. Når Aps Ingrid Heggø presterte på NRK igår å sei at "unge må vite kva arbeidsplassar som finst, slik at dei kan utdanne seg til det vi treng her i fylket", så er det eit gufs frå fortida. Sorry men slik tenker ikkje folk i stor grad lenger. Det Heggø insinuerar er at "vi må utdanne oss til det dei treng oss til". Ho grip dermed problemet i feil ende. Fakta er dette: "DE må tilby OSS jobbar Vi vil ha, eller innsjå at vi stikker." Vi er bortskjemte, mobile, vi kan flytte oss. Det hjelp ikkje å tilby småpenger for varige endringer. For nedbetaling av studielån er virkelig sm