Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2010

Det store spørsmålet. Når kyr står inne mesteparten av året, kvifor kan ein ikkje i reklamen vise fram kyrne i eit fjøsmiljø? Står det så ille til? Just asking.

Les denne svenske bloggen også: sitat: " Nej, fram för mer realistiskt reklam som visar hur våra kor har det på riktigt.    I verkligheten.  I Sverige har vi med vårat klimat, trots allt en stallperiod på mellan 8 & 10 månader, lite beroende på vart i landet man bor. Och med nutidens påkostade komfortabla  & fina stallar,  har djuren  även en mycket bra innemiljö & ingenting vi behöver skämmas för . " Og Kubondes blogg om same sak. Eg veit sjølvsagt at kvaliteten på fjøs varierer veldig. Ikkje alle ville tåle eit tv-kamera, men mange vil det. Kvifor ikkje vise dei fram og få forbrukertillit heller enn å vise reklamer vi alle veit er fake (alle kyr på beite)? Kyrne står trass alt inne mellom 12 og 8-10 månader i året. Det er der dei held seg mesteparten av tida. Det må jo tåle dagslys, eller? Tines reklame her.

Morsom tapet frå Marimekko, men kva farge er finast?

Kilde: http://www.abitare.it/events/tra-arte-e-design/

WTO - ein trussel mot human helse

Kjøre brasil litt hardare, meine meir sjølv. WTO dukar bordet for big bissniss, stor farmar og multinasjonale selskap. I fotspora av auka konkurranse følgjer auka smittepress, matforgiftningar, antibiotikaresistens, hormoner, genmodifiserte plantar og dyr. Anne Viken, veterinærstudent og journalist (artikkelen er skriven i 2006). Det er slått fast ein gong for alle at Noreg er ein egoistisk landbruksproteksjonistisk kustat med bondefanga utanriksminister, norske bønder er rota til alt vondt og alle fattige bønder dør og svelt i skuggen av norske importmurar. Eit kjapt søk på Statistisk Sentralbyrå gir oss handfaste tal om fienden: Norske bønder eig 264 000 oversubsidierte melkekyr fordelt på 15 900 gardar. Desse utgjer altså eit formidabelt problem, eventuelt er problemet kraftig ute av proposjon, eventuelt har dei sjølv eit problem. Siste 25 åra har norsk melkeproduksjon gått ned med 15 prosent, antal jordbruksbedrifter med dyr i Noreg gjekk ned med 4,5 prosent frå 2005 til 2006

Det gode sted

God kommentar frå Knut Olav Åmås i Aftenposten idag. Tenk om det hadde vore den same kreativiteten og kunnskapen blant dei som jobbar med distriktsutvikling, som blant dei som synsar om det;) Berre ein tanke. Les kommentaren her.

Sensur i distriktsdebatten

Distriktslka, som driv med distriktsutvikling, liker ikkje fri debatt. Det har dei dugelig demonstrert. Dei vil ha meg til å fjerne ting frå min blogg, altså mine meininger. Ettersom dei visstnok ikkje er korrekte. Jaha. Eg skriver: "Røros er ein stad spekka med historie. Er det sexy? NÅr folk er ute etter ein stad å bu, flyttar dei ikkje inn i vikingtida." Dette er altså ikkje greit å meine. Skal eg så sensurere mine meiningar i tråd med distriktsfolkets policy? Neppe. Iallefall ikkje når ein sjølv framstår som amatørforetak som sprer om seg med middelmådighet. Distriksfolket er eit fordomsfullt ord brukt om mange kreaturer som jobber med distriktsutvikling. Det gjeld sjølvsagt ikkje alle, og eg beklager min omtrentlighet. .

Bestialsk praksis

Les min kommentar om veterinærprisar og bønders dårlige økonomi i Klassekampen side tre i helga. Skyte eller ringe dyrlegen?

Lov om velferd for Vestlendinger.

Kapittel I. Generelle bestemmelser Fritt etter Lov om dyrevelferd § 1. Formål Formålet med loven er å fremme god Vestlandsvelferd og respekt for Vestlendinger. Loven skal også skissere hvordan Vestlendinger best kan behandles så de ikke kommer til å utgjøre en fare for Østlendinger. § 2. Virkeområde Loven omfatter forhold som påvirker velferd hos eller respekt for sogninger, bygdinger og nabobygdinger. Loven gjelder tilsvarende for utviklingsstadier av nevnte bygdefolk dersom sanseapparatet tilsvarer utviklingsnivået hos levende sambygdinger. § 3. Generelt om behandling av Vestlendinger Vestlendinger har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for Østlendinger. Vestlendinger skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger. § 4. Hjelpeplikt Enhver som påtreffer en Vestlending som åpenbart er syk, skadet eller hjelpeløs, skal så langt mulig hjelpe Vestlendingen. Dersom det er åpenbart at Vestlendingen ikke kan leve eller

Tolerer ikkje Økodirekt forskning som viser noko anna enn dei sjølv kan tolerere?

Om vi ser vidare på deltakarane i debatten om økologisk landbruk, ser vi at dei fleste som er pro har økonomiske eller politiske interessser. Dei aksepterer ikkje fri forskning og vil helst sjå den død. Les dette sitatet under, men først ein liten intro til den som har skrive innlegget: Geir Ole Sætremyr skriv dette som svar på innlegget «Mer økologisk?» av Arne Grønlund i Dagsavisens debattforum «Nye Meninger». Merk deg at han ønsker at Grønlunds forskning død (forskninga hans viser at økologisk ikkje er betre for miljøet enn konvensjonelt landbruk), og at han ønsker at Grønlund skal ha blitt irettesett på kammerset. Kanskje ikkje så rart. Sætremyr jobbar i firmaet ØkoDirekt. Økodirekt sel økologiske produkt, slik namnet tilseier, nærmare bestemt ØkoDirekt, økologisk frukt og grønt rett hjem: «Geir Ole Sætremyr satser friskt på omsetning av økologiske varer på Sunnmøre. Bedriften hans står for levering av økologisk skolefrukt i kommunene Ålesund og Sula.» Sætremyr har økonomiske int

Nokre små lokalsamfunn kjem til å gå under/ "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør".

utkast til ein artikkel som eg fant ut eg ikkje gadd trykke med det første. "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord» . Boka kom ut i høst og tar opp ei rekke problemstillingar som er aktuelle, ikkje berre for nord. Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Han peiker vidare på at analogien som ligg der er ei slags historisk basert kognitiv grunnhaldning eller magekjensle, som gjer at ein i nord ikkje ser nytta av å trenge ned i dei prosessane som utspelar seg rundt ein. Svelle meiner at å binde tanken for sterkt til skillet nord versus sør kan hemme for nødvendig konkretisering av kva som faktisk foregår. I kor stor grad er ein i stand til å skifte fokus og tenke nytt versus å vere bunden av meir vante førestillingar med utgangspunkt i det som var, spør Svell

Saue og geitehald i India i 2010.

Under ei slik korg står lamma heile dagen mens mora er på beite. Ein let ikkje lamma gå med mora pga det er for strabasiøst i dette varme og golde landskapet. Hus for geit. Hus for sau. Dette er altså indisk landbruk i år 2010.

Oslo mot røkla

Saker frå frokostmøtet i regi av Civita og Minerva. Oslo-eliten er som bygdedyret, seier Lundteigen. Sak i Nationen. Lundteigen har rett, skriv Torbjørn Røe Isaksen. Eg kan vel tilføye at Lundteigen er ein av dei få frå Senterpartiet som vågar kalle ein spade for ein spade i dei aller fleste saker. .

Senterpartiets skrøner om sentralisering

Det kjem til å komme berre 1905 nye innbyggarar i Sogn og Fjordane innan år 2030, viste tal frå SSB. Reaksjonane på tala frå fylkets politikarar, kan forklare kvifor det går som det går i Sogn og Fjordane. Jenny Følling, gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, leverte dette sitatet til NRK som respons på tala: – Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering. Les saka hos NRK her. Ja kva skulle vi vel gjort utan Senterpartiet, og kva skulle vi vel gjort utan nokon som tenkte at det var viktig med desentralisering. Som om ikkje alle politiske parti ute i bygdene ønsker seg at nett deira bygd skal overleve. Føllings sitat er på sitt beste dumt: sjølvsagt kunne det ha vore verre, men ærlig talt. Tala er svært ille. Virkelighetsfornektelsen blir i seg sjølv ein parodi frå Følling, ordføraren i Gaular kommune. Kommunen som ikkje kan tilby internett til folk som bur der. Djevelen finst i detaljane. Det e

Svarte-Mathilda

Eg har lese barneboka "Svarte-Mathilda" frå Samlaget. Ettersom eg er relativt lettskremt, er det ikkje særlig lurt å sette seg til å lese ei slik skummel bok, for Svarte-Mathilda er ganske skummel, sjølv om det er ei barnebok. Mulig eg er ei pingle, men ok. Det begynner ganske brått på. Vi vert så og sei kasta med stor K, inn i handlinga etter ein kjapp intro. Kasta for kjapt, føler eg. Eg blei fullstendig tatt på senga. Brått var vi midt i blod og gørr og ting som mildt sagt ikkje skjer vanlegvis, med mindre det er noko overnaturleg tilstades vel og merke. Spenningskurven vart for kjapp, eg følte meg snytt for den snikande følelsen av at noko skal skje. Men muligens er det slik i barnebøker at ting må skje med ein gong, ellers hiv ein boka vekk. Ungar er kravstore lesarar. Likevel. Boka var spennande. Ein haug lause trådar blir antyda løysingar på, men langt frå løyst og dei heng att på slutten og viftar i vinden. Det er litt sånn japansk, ganske lite hollywood. Ein skal lik

1905 nye innbyggarar innan år 2030

i Sogn og Fjordane, ifølge tal frå SSB. Kanskje på tide å tone ned dette evinnelige turistfokuset og heller tenke på å få opp folketalet? Lat meg ta kommunen eg kjem frå. Gaular kommune i Sunnfjord som antagelegvis, vel Bygstad iallefall, er ei sånn bygd som berre satsar på turisme. Vikingfjorden med vikingskip er vel det fremste symbolet på kor fortidsbaserte og bakoverskuande dei folka er som styret showet. Det er jo ikkje rart det stagnerar. Folk jobbar i Førde og Dale og andre stader. Kor mange jobbar vel i Bygstad? Der er ingen nye, interessante arbeidsplassar, utover dei ein mekker sjølv, heime på soverommet, altså om ein jobbar via nettet med eiga bedrift. Ellers er du tvingande nødt til å jobbe på butikken, køyre taxi eller pendle til Førde. Jada, pendle er ok, men når skal Bygstad kunne tilby ein interessant arbeidsplass? Om femti år? I mellomtida kjem vel trehundre nye vikingskip på fjorden. Det er faktisk heilt utrulig at folk får økonomisk støtte til å på denne måten få ei

Dogmatisk økodebatt

Debatten om økologisk er dogmatisk. Delar av det økologiske regelverket for hald av landbruksdyr bør opp til debatt i likhet med økologisk landbruk generelt. Anne Viken, veterinær Kronikk i Nationen 11.oktober 2010 Eg har med interesse fulgt debatten om økologisk landbruk i Nationen. Det er fascinerande å sjå korleis forskarar som legg fram dokumentasjon på at økologisk landbruk ikkje er stor meir utsleppsvennlig enn konvensjonelt blir forsøkt knebla. Det er interessant, og det er skremmande å bli klar over at enkelte av dei som hevdar å arbeide på vegne av berekraftig landbruk ikkje tolererer kunnskap som strir mot ideologisk ståstad. Det er skremmande udemokratisk at Lars Peder Brekk, som er landbruksminister, har gått ut og slått tilbake mot forskning som dokumenterer at økologiske matprodukt ikkje er meir miljøvennlig eller dyrevennlig enn konvensjonelt. Aftenposten 26.februar 2009: «Det blir for unyansert og gir ikke hele bildet av faktagrunnlaget», var Brekks respons. Spørs

Så kva er toleranse? Jon Michelet, Nabintu Herland og Arnulf Øverland i lett miks

Eg sit og les litt bøker i kveldens mulm og mørke, langt ute i gokken på den svenske landsbygda. Her er ikkje så mykje anna å ta seg til enn å lese, og ettersom eg ikkje vågar lese skrekkelig skumle bøker av hensyn til min frykt for gamle hus omgitt av store, mørke, hengande hagar fulle av grevling og andre skumliteter, så les eg Jon Michelets bok "Brev fra de troende. Ei bok om tro og tvil". Den har eg kjøpt på bakgardssalg i likheit med eit tonn andre bøker, eg måtte ta trikken to gonger, og boka skuffar ikkje. "Brev fra de troende" er ein tolerant ateist si tilnærming til kristendom, eller til breva han får frå dei truande etter at han har stått fram som ateist i ein reportasje i avisa Vårt Land. Vårt Land er ei god og interessant avis, og Michelet er ein klok mann som les breva frå dei truande, ikkje uventa fleire gamle damer frå Vestlandet, med stor innsikt. Og ikkje minst toleranse. Michelet har ikkje tenkt å la seg frelse, han er og blir ateist, men trass sit

Stiller idag store spørsmål ved Hanne Nabintu Herlands dømmekraft

I eit foredrag lagt på ut av Bistandsmenda på vimeo, eit foredrag som forøvrig har gått sin seiersgang på Facebook som tidens hardast slakta og mest harselerte med, påstår ho at rådande ideologiar er marxisme og sosialisme, i Norge. Det er på tide å stille eit par spørsmål ved Nabintu Herlands virkelighetsoppfatning. Foredraget om eit improvisert freakshow. Analysene var så grunne og kunnskapslause og banale at ein skulle tru det var spøk, men dama meiner alvor. Det er seff greit at ho legger ut i det vide og det breie, men kunnskapsrik kan ho ikkje påstå å vere. Det ho kan, er sånt vi andre lærte på barneskulen. Ho har studert ved eit universitet, gud veit kvar, og det ho lærte der, har ho fortrengt og erstatta med vage minner frå søndagsskulekunnskap ho kanskje har fått, ein gong for lenge sidan. Men altså. Ærlig talt. Sosialisme og marxisme er ingen rådande ideologiar i Norge, slik Nabintu Herland forsøker å fortelle oss. Seriøst. Dama kan verken følge med i media eller ha basic in

Hjort på billegsalg

I eit land der jakt og fiske helst skal vere gratis, er det ikkje lett å bli rik sjølv om ein vassar i hjort. Anne Viken (tekst og foto) Publisert i Dag og Tid høsten 2008. Køyrer ein langs vegen på kveldstid, bykser hjorten framfor, flokkar på fleire titals dyr beitar i vegkanten medan kalvane trykker i skogen, og går du ut av bilen, forsvinn dei i store sprang over gjerdet. Dei står under altanen din og brøler, og snik seg rundt hushjørna nattestid. Åtti til nitti prosent av hjortebestanden fell for kuler og krutt. Rulleringstida for bestanden er gjennomsnittleg sju år, då er heile bestanden skifta ut, men medan den lever, er hjorten over alt. Tal frå Statistisk Sentralbyrå fortel at det i 2007 vart felt 32 000 hjort i Noreg, derav 85 prosent på Vestlandet. Til samanlikning vart det felt 56 000 elg og 4 670 villrein. -- Kvifor er det så mykje hjort? -- Vi har ikkje klart å skyte meir enn det som har blitt fødd. Det er det enkle svaret. Finn Olav

NOAH for dyrs rettigheter går no inn for at hjort skal svelte ihjel om vinteren

NOAH, ein veldig seriøs organisasjon med gode intensjonar, men dessverre låg kunnskap, går no inn for å forby hjortejakt. Dette betyr at dei også går inn for å la hjorten svelte ihjel om vinteren. Det er sjølvsagt Jenny Rolness i NOAH som går ut i Firda og rasar mot at folk publiserer bilete av jakttrofe, som dei har gjort til alle tider, sidan steinalderen. Rolness har store problemer med desse trofebileta. Eg antar ho også vil gå hardt til verks for å fjerne helleristingar og andre bilete av menneske som drep dyr og et dei. Eg antar NOAH er klar over at hjorten blir mindre og mindre pga dei blir fleire og fleire om maten, og at om ein ikkje haustar av hjortebestandane, så vil hjorten svelte ihjel pga dei blir for mange til at alle vil få mat om vinteren. Kanskje NOAH tenker at ein bør flyge den overflødige hjorten til Nordpolen, kanskje til Sørpolen. Det ville ha vore i tråd med deira kunnskapsplattform. Kanskje til Sibir? Eller tja, til Sverige? Kven veit. Eventuelt vil dei forby hj

Velkommen til Sogn og Fjordane

Her blir muslimar nekta gravstad og homofile prestar hetsa . .. og så lurer ein på kvifor folketalet ikkje stig? ÆRLIG talt!! Den fortidsbaserte intolerante mentaliteten må bort. skjønner? Sokneråda er så snevre og intolerante og fortidsbaserte at det mest av alt minnar om eit freakshow.