Gå til hovedinnhold

Senterpartiets skrøner om sentralisering

Det kjem til å komme berre 1905 nye innbyggarar i Sogn og Fjordane innan år 2030, viste tal frå SSB. Reaksjonane på tala frå fylkets politikarar, kan forklare kvifor det går som det går i Sogn og Fjordane.


Jenny Følling, gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, leverte dette sitatet til NRK som respons på tala: – Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering.

Les saka hos NRK her.

Ja kva skulle vi vel gjort utan Senterpartiet, og kva skulle vi vel gjort utan nokon som tenkte at det var viktig med desentralisering. Som om ikkje alle politiske parti ute i bygdene ønsker seg at nett deira bygd skal overleve. Føllings sitat er på sitt beste dumt: sjølvsagt kunne det ha vore verre, men ærlig talt. Tala er svært ille. Virkelighetsfornektelsen blir i seg sjølv ein parodi frå Følling, ordføraren i Gaular kommune. Kommunen som ikkje kan tilby internett til folk som bur der. Djevelen finst i detaljane. Det er det som avgjer kvar folk vil bu.


Lat oss sjå på fylkesordførar Nils R. Sandal. Han seier tala er skremmande, men vil likevel ikkje gje opp. Bra så langt. Så smell han til med selvfølgelighetsglosene: «Det berre understrekar at sentraliseringskreftene er sterke.»


Nei seier du det du. Sp kan nok ikkje vinne over sentraliseringa. Det går ikkje. Ergo er dei utan skuld i utviklinga. Dei dekker sin eigen utilstrekkelege politikk bak «sentraliseringstrendar».

Men høyr her Sp. Sentralisering er ein global trend. Nokre ser forflytting til byen som ein veg ut av fattigdom, andre igjen har mista jorda si, nokre skal ta seg utdanning. Det spørs kvar i verda vi leitar. Årsakene er ulike, men trenden er felles: til byen drar folket.

Det viser seg også at urban er ein sterk eigenskap hos unge i Norge. I langt større grad enn andre aldersgrupper, vektlegg dei urbane verdiar. Og for mange er den geografiske avstanden til utkant-Norge i seg sjølv ei uoverkommeleg hindring. Det er ikkje sexy å bu på bygda. Det er deriblant Sp sin feil. Sp som stigmatiserer bygdene med å snakke om «distriktspolitikk». Kva med å snakke om næringslivspolitikk?

Distriktspolitikk er eit ord ein forbind med statlige subisidier av ikkje lønsame utkantar. Næringspolitikk er noko ein forbind med utvikling og nyskaping. Kvifor skal utkant-Norge svertast av distriktspolitikk, når ein kan bruke ordet næringspolitikk eller anna? Tiltakssoner er eksempelvis eigentleg ei satsingssone der ein gir folk som flyttar dit, blant anna nedbetaling av studielån. Det er jo ei satsing på å få folk dit.

Ordets makt er stort. Ein bør namngi tiltak med omhu. Dette har ein skjønt i dagens satsingar i utkantane. Sp heng langt etter i bruk av retorikk og ordets makt. Dei sit langt nede i si gamle retorikkasse og repeterer gårsdagens remser. Dei kan for lite om narrativets makt. . Eg skulle likt å vite kor mykje Sp sine folk kan og les av forskning og kunnskap på feltet «folketal og flytting». Neppe mykje. Dei verkar blanke.

Dei argumenterer med den røynda dei vil vi skal sjå, ikkje den røynda vi ser. Det må dermed bli sprik. Sp som distriktsparti, er ikkje lenger truverdig. Spesielt ikkje med ein landbruksminister i regjering (Lars Peder Brekk) som fornektar at det er dårlege tider i landbruket, og ein kommunalminister (Liv-Signe Navarsete) som påstår ho vil ha haldningsendringar i Oslo, men som når ho reiser ut i distrikta, rører i avmaktskjensla mot «Oslomakta». Senterpartiet er i ferd med å framstå som ein parodi på seg sjølv.


Først eit spørsmål. Er det slik at det er på bygda de egentlige verdiene skapes, og flyttestrømmen fra bygd til by er resultatet av et system som tvinger folk til å forlate den landlige idyllen? Spørsmålet vart stilt på Civita og Minervas frokostmøte i Oslo 14.oktober.


Om vi svarar ja, er vi inne på påstanden som ligg grunn for mykje av Ottar Brox sine påstandar frå boka «Hva skjer i Nord-Norge?» frå 1966. Her tar Brox eit oppgjer med strukturrasjonaliseringen. Han kaster på båten fortellingen om at «alle vil til byen», og forklarer inngående mekanismene, eller strukturrasjonaliseringa og velferdsstatens grep, som gjer at folk vel å forlate lokalsamfunn til fordel for byar og tettstader. Dei skal valsast inn i samfunnet på andre premiss enn sine eigne. Dei er overkjørt av sentralmakta og kolonisert. Retorikken blei lenge brukt om Nord-Norge. Så såg folk seg drit lei svartmalinga.

Om vi hoppar frå Brox til Navarsete. Navarsete og Senterpartiet, påstår dei vil ha haldningsendringar i Oslomakta, merk deg bruken av ordet sentralmakta. Navarsete seier ho vil ha lagspel, ikkje krangel, men når ho er ute blant folket, seier ho dette: «Professorar i dei sentrale delene av landet vil sikkert sei at det ikkje lønner seg med bredbånd i distriktene». Sitatet blei levert på Dyrøyseminaret i Troms for eit par veker sidan.

Ufrå dette sitatet kan ein tolke at vi ønsker å bu her i distrikta, men dei i sentrum ønsker ikkje å hjelpe oss utfrå eit kost-nytte perspektiv. Distrikta er ulønsame, derav ordet distriktspolitikk som i stor grad får oss til å tenke «overføringar frå staten.» Om vi ikkje direkte blir tvinga til å bu sentralt, så er det iallefall byen, her Oslo, som ødelegg mulighetene for å leve eit sivilisert liv på bygda.


Medan Brox meiner at strukturrasjonaliseringa tvingar folk frå bygda til byen, meiner Navarsete at manglande satsing i distrikta, eller manglande forståelse for distriktas behov, hindrar utvikling lokalt. Ein får lite sexy lokalsamfunn. Både Brox og Navarsete legg skulda i sør. Eller i Oslo.


Kva med å plassere ein del av skulda der den ofte høyrer heime, blant politikarar lokalt? Det finst faktisk like mange ordførarar for Navarsetes eige parti, ute i kommunane, som meiner at breibandssatsing i distrikta ikkje løner seg. Antagelegvis fleire enn det finst økonomiprofessorar i Oslo.

Torbjørn Røe Isaksens kommentar Lundteigen har rett.


På min blogg skreiv eg ein kommentar om staden der eg kjem frå, Bygstad i Gaular i Sogn og Fjordane. Eg er svært kritisk til at dei satsar hardt på viktingskip heller enn å skape arbeidsplassar. Ein av lesarane kommenterte då dette:


«For en urbanarrogant kommentar fra deg! Problemet er at Gaular kommune og Sogn&Fjordane er kolonialisert av Oslo. Norge er nå verdens mest sentraliserte land, og all stagnasjon i på små steder i Gaular er en konsekvens av det. Flytt papirflyttingsjobbene ut av Oslo snarest! Legges feks Finansdepartmentet eller Landbruksdepartmentet til Gaular, så vil nok også Gaular få all livskraften tilbake.»


Min tørre kommentar er dette: Slutt å hate byen, det er eit steg på vegen til sjølvinnsikt. Å sitte og skulde på alle andre (sentralt) vil dekke over mange problem hos ein sjølv (lokalt). Bildet er ikkje svart kvitt her.


Men når ein forventer at sentrale strøk nedvurderer ens egenverdi, sjølv frå ministerhald, blir det lett å skulde på sentrum når det går til skogs. Og når ein manglar kunnskap og innsikt i kva som skal til for å påverke ei utvikling, er det lett å vise til «sentraliseringstrendar».


Sp snakkar om distriktspolitikk til auget blir stort og vått. Byt ut ordet med næringspolitikk, sats på anna enn turisme, bygg vindmøller og kast på båten dei flåsete ansvarsfråskrivinga om «sentraliseringstrendar». Ja, sjølvsagt er det slike trendar, men vi kan alle som ein påpeike dei. Sp si rolle er å gå djupare i materien. Dersom dei har kunnskapen i orden, vel og merke.


Les Georg Arnestads glitrande innhogg i Sogn Avis 16.okt 2010.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys