Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 26, 2010

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl

Knausgård fekk skrivesperre av skriveskule. Det fekk eg og.

Idag les eg i VG at Knausgård fekk åtte års skrivesperre av å gå på Skrivekunstakademiet i Bergen. Dette er ikkje uforståelig. Eg har også gått såkalt forfatterskole, om enn litt mindre omfattande enn akademiet i Bergen. Eg fekk også påført skrivesperre. Men då eg sa at eg fekk skrivesperre av å gå på skriveskule, fekk eg kjeft av skrivelæraren: Om du får skrivesperre av å lære å skrive, har du ingenting her å gjere, sa ho. Det var eg enig i. Sånn nesten enig. Jo meir eg lærte, jo dårligare skreiv eg. Eg skreiv meg ut av mitt gode skinn og inn i nokon andre sitt. Henta frå mine notatar på skriveskule: Skriveskular kan gjere det litterære rommet trangare. Ein skal vite kva ein gjer når ein prøver å lære folk og skrive, ellers kan ein føre sine disiplar inn på ein sti så smal og med så solide skylappar på, at dei ikkje maktar tenke sjølv. Resultatet kan bli: ein får uoriginale stemmer og uoriginal litteratur låst fast i trange rammer og malar. Ein må kunne nok til å bryte reglane, j