Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 4, 2010

Tine påstår at alle norske melkekyr leverer melk til dei. Det er faktaFAIL. Igjen

Nye kalkyler. I sommar skreiv eg om at Tine bløffar i sin reklame. les sak om det her. No har eg gjort ytterlegare smårekning på Tines bløff om kyr. Tine har vist oss at dei meiner fakta er underordna. Dette demonstrerte dei i sommarens reklamekampanje der dei påstod at alle kyr som melkar for Tine, 242 000 kyr, har rett til minst åtte vekers sommarferie. Dette er de fakto løgn. Ein ting er at lausdriftskyr, altså tretti prosent av alle norske mjølkekyr, ikkje har rett til sommarferie. Ein anna ting er at 21 prosent av desse l ausdriftskyrne (15 082 kyr) står inne året rundt. Det korrekte talet kyr på beite blir dermed 242 000 – 15 082 = i underkant av 227 000. Eit godt avvik frå Tines reklametal på 242 000. Ein annan ting er at 242 000 kyr utgjer alle kyr i heile landet. I følge SSB har vi 239 400 melkekyr i Norge. Ved å påstå at 242 000 kyr levere til dei, hevdar altså Tine at alle norske melkekyr leverer til dei. D ette er sjølvsagt ikkje rett. Ein kvar som har vore

Jeg flytter!

Jeg skal flytte vekk fra bygda. Jeg skal ta med meg min utdannelse og dra. Jeg kommer ikke til å bli et sekund lenger, skriv Oda Rygh i ein kronikk i Aftenposten. Steinbra kronikk. Bare i bygdene er det forventet at man skal være sosial på tvers av klasseskillene etter ungdomsskolen. Det er ikke naturlig. Det er menneskefiendtlig. Kven har ikkje hørt det? Då ein var liten, sa dei: du er for flink for bygda. Kom deg vekk om du vil noko. Bli ikkje her! Når ein no er vaksen, utdanna og får til det ein driver med, seier dei: vil du noko, kom ikkje tilbake! Les den her.