Gå til hovedinnhold

Tine påstår at alle norske melkekyr leverer melk til dei. Det er faktaFAIL. Igjen

Nye kalkyler. I sommar skreiv eg om at Tine bløffar i sin reklame. les sak om det her. No har eg gjort ytterlegare smårekning på Tines bløff om kyr.


Tine har vist oss at dei meiner fakta er underordna. Dette demonstrerte dei i sommarens reklamekampanje der dei påstod at alle kyr som melkar for Tine, 242 000 kyr, har rett til minst åtte vekers sommarferie. Dette er de fakto løgn. Ein ting er at lausdriftskyr, altså tretti prosent av alle norske mjølkekyr, ikkje har rett til sommarferie. Ein anna ting er at 21 prosent av desse lausdriftskyrne (15 082 kyr) står inne året rundt. Det korrekte talet kyr på beite blir dermed 242 000 – 15 082 = i underkant av 227 000. Eit godt avvik frå Tines reklametal på 242 000.

Ein annan ting er at 242 000 kyr utgjer alle kyr i heile landet. I følge SSB har vi 239 400 melkekyr i Norge. Ved å påstå at 242 000 kyr levere til dei, hevdar altså Tine at alle norske melkekyr leverer til dei.

Dette er sjølvsagt ikkje rett. Ein kvar som har vore på butikken kjenner til Q-meieriet. Med 500 gardar, 10 530 kyr, kan ein dermed trekke ytterlegare 10 500 kyr frå Tines påståtte tal på 242 000. 

Vi er no nede i 216 500 utegåande Tine- kyr, mot Tines påståtte 242 000. Eit avvik på 25 582 Dette meiner Tine meiner er uvesentleg.  

Tine er som her vist, svært omtrentleg med sine fakta. Spørsmålet som gjenstår blir dermed: kan vi stole på Tine? Kva andre fakta lyg dei om? Dette er ei fillesak, vil mange bondepatriotar sei, men fakta er at Tine med si omtrentlegheit, undergrev tilliten til norsk landbruk. Dette må ein berre innsjå, og dette bør ikkje bøndene tolerere.


Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...