Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 22, 2010

Alanya - Dragene våkner

Eg har altså kasta meg på barnebokkjøret, og det handlar ikkje om at eg går i barndomen, men om at det finst så masse knakande bra barneboklitteratur. Dessutan forsøker eg iherdig knekke barnebokkoden. Dermed kjøpte eg ei bok av Iselin Alvestad, Dragene våkner, på Aschehougs bakgårdssalg, og det einaste eg no greier tenke på er KVIFOR KJØPTE EG IKKJE ALLE BØKENE som Alvestad har skrive. Det er nemlig ein heil serie, og eg antar at alt er like bra. For her er det fantasi i sving, og det skjer så lett og ledig, så naturlig og inneforstått at alt berre er som det skal vere. Det som skjer samsvarar med naturlovene i universet vi opererer i, og dette er inga selvfølge. Om du les Philip Pullmann , mannen bak Den mørke materien, blant andre bøker, eller om du les Harry Potter for den del, ser du at her er store komplekse univers der alt som skjer, skal kunne skje innanfor røynda ein her beskriv. Det er ein kunst, ein grunnpillar i ei barnebok som går over i fantasiens verd: konsekvens. Eig

Den ulende mølleren

av Arto Paasilinna er tidenes lesaroppleving. Eg skjønar på ingen måte kvifor i alle dagar eg ikkje har oppdaga denne fantastiske forfattaren før. Og som det blir sagt: har du først oppdaga han, så er du hekta, og det er kanskje difor han er bejubla og omsett til ei rekke språk. Lat oss kort oppsummere: Heidundrande beskrivelsar Kanonbra sitater Alt crap er kutta ut, ting skjer DER, møllaren drar til bygda og stjel våpen, han set fyr på kirka, han legg i veg! Hjarteskjerande beskrivingar av galskapen i eit sneversynt bygdesamfunn som ikkje tolererer den litt spesielle møllaren som kjem til bygda, og vanviddet i handlingane til mange av innbyggarane i bygda, fullstendig i tråd med menneskeleg psykologi og kva vi er i stand til av dumheiter. Medan den norske bestselgaren Henrik Langeland skriv tekst så flat som eit fortau, så grå som stein, så gørr at du kan grine av det, er Paasilinna eit eksempel på det motsette. Han er ein forfattar som briljerer så til dei grader med språk