Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 1, 2010

# Hjernevask: Eia - kjønnsforskere: 1-0

Eg likte dette programmet, men spør likevel: Er NRKs Hjernevask mest av alt ein drakamp mellom Harald Eia og kjønnsforskarane vi er vitne til, eller eit oppgjer mellom Eia og sosiologien han ein gong studerte? Årsaka til at eg spør er: Eia avdekker ikkje så mykje nytt. Mest avdekker han det vi alt veit: at biologi betyr noko og samfunn noko. Det er ikkje mange seriøse forskarar som lenger benekter at der er biologiske forskjeller mellom kjønna, unntatt Jørgen Lorentzen kan hende, men vi veit jo alle at kjønnsforskning mest av alt er ein underhaldningsdisiplin i dette landet. Det er derimot ei myte der ute og den lyder slik: venstresida benekter at biologi har betydning. Denne myten er og blir ei myte. Eg er dermed sagt ikkje ukritisk til evolusjonspsykologien. Den har svakt metodegrunnlag. Eg er spent på om Eia går inn på metodane dei nyttar i forskninga si, dette med fleirmodularitet og steinaldersamfunnssosiologi, eller om han kun skal surfe overflata og sjå på praktiske eksperi