Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2009

Oksen er del av ein populasjon. Katten og hesten er individ.

Les dagens kommentar i Dag og Tid. I etterkant av denne kommentaren, som stod på trykk igår, har eg mottatt fleire epostar frå engasjerte lesarar. Det er veldig kjekt med respons. Mail meg gjerne viken.anne att gmail.com

Fuck biodrivstoff!

(Dette lesarbrevet stod på trykk i avisa Klassekampen 29.april 2009). Zeros grelle biodrivstoffreklame I Klassekampen 25. april rådar Einar Håndlykken i Zero raddisar til å køyre på bioetanol. «Vi vil gjere det lettare å finne rett bil for dei som ønskjer å kome seg rundt utan å øydeleggje klimaet», seier Håndlykken. Dette høyrest veldig enkelt (og lekkert) ut, men bioetanol er, som vi veit, eit tveegga sverd. Eg har nett vore nokre veker i Andhra Pradesh i India på feltarbeid, og ein del har sikkert lese reportasjeserien min i Klassekampen i påska. Her vart det dyrka biodrivstoff. Biodrivstoff er eit såkalt cashcrop på linje med bomull, og mange vart her av myndighetene tvinga til å dyrke biodrivstoff på markene. Dei vel det ikkje sjølv. Årsak: det er penger i biodrivstoff og India ønsker å tjene penger. Samtidig, i same landsby, svelt folk og matprisane stig. Framtida er high tech, og bilindustrien ser nok på biodrivstoff som eit sexy tilbud til kresne, framtidsretta kundar,

og fritt ord prisen gjekk til.... BYGDEDYRET!

eller til Nina Karin Monsen, om du vil. Att ho representerer det frie ord, er for meg ei gåte. Dama representerer 1) FORDOMMER 2) VANKUNNE Ein treng ikkje nødvendigvis dele ut ein Fritt Ord-pris kvar gong bygdedyret maktar å trenge gjennom i offentlig debatt på nasjonalt plan. Avisbildene her er frå dagens Dagbladet, altså søndag 26.april. Greit nok at det finst få som Monsen i elitesjiktet av offentlig debatt, men at det finst få der, betyr ikkje at det finst få som Monsen alt i alt! Som Unn Conradi Andersen klokelig skreiv i Dagbladet Magasinet igår, representerer Monsen folkemeininga rundt kjøkkenborda. Og den som samtykker, slik Monsen gjer, med det som diverre nok er ei folk flest-meining, bringer ikkje verda framover. Berre daud fisk følger straumen. Det er dei som tenker sjølv og som tenker nytt, som bringer verda framover. Slike som Monsen bidrar kun til å halde verda litt tilbake, hindre framgangen, til å bremse. Men, som Andersen også påpeiker, er ikkje åndssnobben i

Norge er i ferd med å bli eit jævlig vulgært land.

Er det virkelig mulig å lage ei slik sak som denne ??? Røkke spiller trist og forurettet, sier skuespiller Ottesen. Kva er poenget? Og kvifor gidder ein seriøs skuespelar drite seg ut på denne måten i Dagblablas ærend? For å få litt publisitet? Eg er til tider så djupt sjokker, eller skuffa, eller frustrert over medienes nivå, spesielt på nett, men også papir soper lågt. Tenk om det blir stort verre! Eg gremmer meg. Norsk offentlighet er full av søppel. Vi har VG, vi har Dagblabla og vi har Frp. Dette ser ikkje lyst ut. Folk har til og med gått på spøken om snikislamisering som Siv spelte ut i eit øyeblikk av desperasjon i sin anger på nullkunnskap om finanskrisa. Eg har ein gong, ein gong for mykje, hatt eit innlegg mot ein Frp-politiker. Det var meiningslaust. Han sat i ein paneldebatt og lirte av seg ting på nivå med "jorda er flat", og lot til å synest at det var heilt ok å uttale seg i hytt og pine om ting han kunne ingenting om. Dette stiller eg meg uforståande til e

Pressens barnslige fornærma harselas av Røkkke

Sjekk denne bildeteksten: " RØKKES STAND UP-SHOW: Kjell Inge Røkke samlet hele Presse-Norge til en mye etterlengtet pressekonferanse der han redegjorde sin rolle i Aker-striden." Når skal pressen lære seg å ta sjølvkritikk? Bli litt meir ydmyk? Det er ganske fasinerande korleis pressen gang på gang jager person etter person frå skanse til skanse, og om ein iretteset pressen, som Røkke her gjorde ved å sei at det er lettare å overbevise kenguruer i Australia enn norsk presse, så har han faktisk eit poeng: media er ofte ikkje verken lydhør eller lærevillig, men pressen, her dagbla.no (Norges fremste norskspråklige søppelkasse), gjer narr av dette også. I tilleg kan ein merke seg at fokus i saken er at Brustad rosa Røkke, trass Røkkes harselas av Brustad. Hallo? Er ikkje det anna enn forventa frå profesjonelle aktørar på dette nivået? Dessverre er vinklinga det ein kan forvente seg av profesjonelle aktørar på medienivået, eller her, reporesentert ved denne saka, lavmålsniv

Transgene melkekyr

Transgene melkekyr er vegen å gå, skal vi tru India 2020 - Visions for food, agriculture and processing. Transgene melkekyr og innkryssing av høgproduktive dyr ved bruk av kunstig inseminasjon skal gjere verdas største melkeproduserande stat, India, enda meir melkeproduserande. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk viser stadig, eller heile tida, til India i sine taler . Eg vil anbefale han å lese denne boka. Medan Brekk er mot genmodifiserte organismar, er India veldig pro, og medan Norge vil produsere for eige marked, vil India gjerne eksportere. Den auka produksjonen av melk i verdensklasse, som India omtaler i sine visjoner, er ikkje meint for Indias fattige. Treng dei melk i verdensklasse? Den er vel helst mynta på den stadig meir konsumerande og kjøtetande indiske middelklassen, samt for eksport til nære naboland, der det er marked for oss, som det heiter. Eg trur Brekk må sette på fasinasjonshandBrekk(a) si og skru på den India- kritiske sansen sin. Vi snakkes på folkem

Udyra kjem

Kvart år slår dei til på nye stadar, og ei aukande mengd streifdyr vil framover innta rovdyrfrie områder. Det er eit drama i fleire akter. Anne Viken (tekst og foto) (saka har før stått på trykk i avisa Dag og Tid). VIKSDALEN:Elva Gaula kastar seg rundt steile berg og hamrar, legg seg til ro i lune viker før den igjen stuper utfor strie fossefall der den brøytar seg fram gjennom Eldalsdalen i Viksdalen. I Sunnfjord har dei kjempa mot det sogene omtalar som «udyr» i århundrer, lenge sa statistikken at udyra var borte, men det er ikkje lenger fritt for «udyr» i skogane på Vestlandet. Streifdyr kjem inn frå dei aukande svenske og russisk-finske bestandane av bjørn, og med jevne mellomrom slår dei til, skaper store mediaoppslag og skremmer den lite rovdyrvande befolkninga tilsynelatande frå sans og samling. 1.juni 2008, 124 år etter at den siste bjørnen vart jaga frå Viksdalen i Sunnfjord, kjende ein igjen lukta av bjørnedrepen sau som rotna i sommarvarmen. Media strøymde til, og i si

Gamle sauerasar er like mykje opera og merkevarebygging som ull og kjøt.

Trendbøndene Anne Viken (tekst og foto) (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid). Samstundes som sauetalet i Noreg rasar nedover i lite berekraftig tempo, aukar antalet sauer av gamle norske sauerasar. Kjøt frå gamle norske rasar produsert på lokale ressursar blir til nisjeprodukt for kresne kokkar og den kresne gane, og hamnar på tallerkenen ved trendy kulturscener. Vi ser ein ny type bønder som satsar på sau og er meir opptekne av merkevarebygging enn av silofor. Eg likar å kalle dei trendbønder. Eventuelt er det marknaden i ferd med å dele seg i to retningar: Ein som går mot større bruk med meir intensiv drift, og ein som går mot lokal mat og småskala landbruk med tungt fokus på merkevarebygging. Per 1.januar 2008 var det 1 025 144 sauer i Noreg. På topp tronar Rogaland med 204 862. På andre og tredjeplass ligg Oppland og Hordaland med rett over 100 000 kvar. Sauehald nyttar Noregs store utmarksressursar og held landskapet ope, men slit samstundes med store proble

Skal gris som ligg på betong framstillast som utegåande og glad?

Tirsdag 21.april kl 17 og utover er det duka for folkemøte med mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk på Verftet i Bergen under overskrifta "Har norsk matproduksjon noko å tilby?" Fram mot dette møtet kjem eg til å publisere ein artikkelserie som før har vore publisert i avisa Dag og Tid om norsk matproduksjon, her på bloggen, samt skrive litt om kva eg tenker, røffe tanker, om matproduksjon. Eg er utdanna i veterinærmedisin og det er fagkunnskap og praktisk erfaring, ikkje tilfeldig synsing, eg bygger min argumentasjon på. Merkevarebløff? Først kan eg starte med å spørre: er det sant når ein framstiller norsk landbruk som idyll: utegåande griser som veltar seg i søla, høner på tunet? Er dette ønsketenkning eller forbrukarbedrag? Sjå på denne barneboka "Barnas husdyrbok" som eg kom over igår. Den er eit glimrande eksempel på eit av paradoksa i norsk matproduksjon: bileta viser gris som bader i gjørme medan sanninga om norsk gris er betonggolv, bogsår og indu

Har norsk matproduksjon livets rett?

Tirsdag 21.april i Bergen, kl 18: folkemøte på Verftet i Bergen med professor Viktor Normann, blogger og journalist Anne Viken, Simen Staalnacke fra Moods of Norway, Bjarte Finne, kokk, og Sjur Holsen, journalist Har norsk matproduksjon livets rett? Møt opp.

Hest for gud eller ryttar

Eit glansbilete må også kunne ta store steg, halde god fart og kunne vinne eit NM. Det skapar utfordringar. Anne Viken, tekst og foto (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid ). Sist på 1800-talet vart uttrykket «hovud som ein brisling, hals som eit rokkehjul, kropp som ei nepe og føter som stålfjører» brukt som eit bilete av ein typisk fjordhest. Sitat avlsplanen for fjordhest. Det smell i boksdører. Vi er på Hingsten Perakrossen (4) slår i veggen, skrapar og går med full kraft ut gjennom boksdøra, og eg må ærleg innrømme at eg verken ser rokkar eller neper. Eg ser ein blakk muskelbunt utan stålfjører som smell med frambeina og vifter med utstyret. I boksen ved sida av slår Merinas Emil (3) minst like hardt i veggen. From Dag og Tid reportasjebilder -- Den stod spiss i vår, og ei av årsakene til at Noreg ligg i tet i fjordhestavlen, er at vi har tradisjon for å bruke treårshingstar. Det gir kortare generasjonsintervall, og raskare avlsframgang, seier

Påskekrim: den gale legen

Utdrag av "påskekrim" som kjem post påske ein gong: Det var sånn jeg ble kjent med han. Han skulle sy en finger. Jeg hadde krasjet på sykkel og landet på en skarp stein, og det var ikke til å ta feil av. Det var et stort kutt på flere centimeter, men han så det ikke. Ser du det ikke, spurte jeg. Ser hva, sa han. Kuttet, sa jeg. Det er her, sa jeg og trykket fingeren nærmere ansiktet hans, men han så det ikke og han så ingen grunn til å sy i en finger som var hel. Han sa til og med at jeg kunne sy det selv, jeg som så det, og jeg måtte dra hjem med uforettet sak. Etter dette begynte jeg å skjønne at noe var galt, men jeg var ikke sikker på hva. No One's Gona Love You -- nydelig låt, og med denne avrundes årets påskeferie.

The devil does not wear Prada

På flyplassen i Hyderabad kjøpte eg ein dunge superbillige DVD-ar, blant anna Sex and the City - the Movie. Og den har eg sett i kveld. Eg får berre lyst til å springe ut i byen og shoppe vilt og ukontroller, kaste alle kleda mine og springe avstad på eit treningssenter jo før jo heller for å ta av ti kilo, eller femten. Litt usikker på om det ville blitt pent?? Men det må nok til! Men istaden sit ein på kafe på asfaltløkka og drikke kaffe og stapper i seg is i den steikande sola til ein blir svidd og rød, trekker rundt på tunge sekkar og må drive å slite og jobbe og skrive. Kvar er fashion week? Kvar er fashion weeeeeek, og no snakkar eg ikkje om fashion week i Oslo, Oslo er ein liten søledam, eg snakker fashion week i New York. No må det bli slutt på å kjøpe den aller aller største isen som går an å få tak i, som er typisk meg, eller drikke så mange kopper kaffe som ein overhodet kan klare å få ned, som også er typisk meg, gjerne med sukkerbiter i, eller feste natta lang til neste

Bøffel i Secunderabad

Ein indisk melkeprodusent har i snitt to kyr eller bøfflar. Desse bøfflane beiter i ein park i Secunderabad, Andhra Pradesh. India er verdas største melkeprodusent.

God påske!

Mine vintage øredobber frå New York.

Klimatilpasning lokalt

Skal ein kunne møte klimaendringane, må ein møte dei lokalt . Dette er svært interessant. Blant anna kan ein ta vare på lokalt tilpassa artar av husdyr og plantar for å sikre tilgang til mat lokalt. Her er eit eksempel frå Nepal . Men klimaproblematikken er ikkje tatt inn i utviklingsspørsmål, iallefall ikkje til fulle. Det er slik det ser ut til å vere: politikken og dens virkemiddel ligg alltid langt etter, og i FNs klimapanel skjer ei politisering av vitenskapen i skjeringspunktet mellom byråkratar og vitenskapsfolk. Dette er ei hasardiøs utfordring. Korleis få til ein god klimapolitikk? Eg driv og lagar ei liste over tiltak eg meiner norsk landbruk må ta innover seg, men den er ikkje offisiell per dags dato. Den som venter, får kanskje sjå den. I mellomtida kan du sjå ein video om klimaendringane.

Indiske myndigheter utryddar sine eigne husdyrrasar

Biletet er henta frå rapporten " Industrial livestock production and its impact on smallholders in developing countries" på nettsida http://www.pastoralpeoples.org/ Eit av punkta som FAO (Food and Agricultural Organization) peikar på når det kjem til matsikkerhet, er bevaring av lokale, økologisk tilpassa og levedyktige husdyrrasar. Å fjerne og utrydde desse, svekkar grunnlaget for matproduksjon. Mange av desse rasane avheng av at kulturelle levesett blir oppretthaldne for at dei fortsatt skal kunne eksistere. Om det ikkje er att beitemarker, må flokkane slaktast, og blir flokkane slakta, blir rasar utrydda. Berre i India er nærmare tretti lokale husdyrrasar trua av utryddelse på grunn av indiske myndigheters jag etter å produsere melk i verdsklasse, av høgproduktive dyr "i verdsklasse". Lokale husdyrrasar er utvikla saman med menneska dei lever ilag med i lokal kultur og lokalt økosystem. Dei er tilpassa skifte mellom tørketid og regntid, dei kan trekke plog.