Gå til hovedinnhold

og fritt ord prisen gjekk til.... BYGDEDYRET!

eller til Nina Karin Monsen, om du vil.

Att ho representerer det frie ord, er for meg ei gåte. Dama representerer

1) FORDOMMER
2) VANKUNNE


Ein treng ikkje nødvendigvis dele ut ein Fritt Ord-pris kvar gong bygdedyret maktar å trenge gjennom i offentlig debatt på nasjonalt plan.

Avisbildene her er frå dagens Dagbladet, altså søndag 26.april.

Greit nok at det finst få som Monsen i elitesjiktet av offentlig debatt, men at det finst få der, betyr ikkje at det finst få som Monsen alt i alt! Som Unn Conradi Andersen klokelig skreiv i Dagbladet Magasinet igår, representerer Monsen folkemeininga rundt kjøkkenborda. Og den som samtykker, slik Monsen gjer, med det som diverre nok er ei folk flest-meining, bringer ikkje verda framover. Berre daud fisk følger straumen. Det er dei som tenker sjølv og som tenker nytt, som bringer verda framover. Slike som Monsen bidrar kun til å halde verda litt tilbake, hindre framgangen, til å bremse.

Men, som Andersen også påpeiker, er ikkje åndssnobben i Oslo, debatteliten, i kontakt med folk flest så for dei er vel Monsen eit kledelig og lett underhaldande innslag i kvardagen som ellers i sterk grad er prega av politisk korrekthet og ja, mange av dei same stemmene som går att.

Dei synspunkta Monsen hevdar, får no legitimitet gjennom Fritt Ord-prisen. Det er greit å irettesette homofile. Det er ikkje slik at homorørsla har vunne i alle miljø. Trust me. Desse haldningane finst og dei plagar mange menneske i det ganske land. Kvifor skal dei premierast?

Monsen, du bidrar til å oppretthalde VANKUNNE og FORDOMMAR i det offentlige rom. Om få år er du glømt. Du er irrelevant i det store bildet.

Eg kjenner alt no lukta av død fisk, og shit, sjekk den sterke strømmen.

Bildetekst: Her seier Monsen at det er heterofile som bygger samfunnet. Før har ho sagt at homofile har høg utdanning.. Kva meiner ho med samfunnsbygger? Ein som reproduserer? Etter å ha lest kva ho kan prestere å lire av seg i dagens papir-Dagbla, er eg beint fram sjokkert.


Og på slutten eit apropos: at Monsen er ein original i elitedebatten eller kva eg skal kalle det, seier vel noko om at folk flest-meiningar ikkje finst på dette nivået. Det er reservert for ein liten krets. Så ja, er det eit problem at folkemeiningar ikkje kjem til topps på debattskalaen? Kanskje. Vi veit jo frå før av at avstanden mellom folk og media, og folk og politikere, er stor. No også mellom folk og debattsjiktet eller meiningsytrarane. Det har vi her fått bevist ved at Monsen fekk prisen. Avstanden er ikkje berre stor, den er tydeligvis enorm.

Heller enn å gå frå debatt til debatt i Oslo, bør debattredaktørane og eliten ta seg eit årlig feltarbeid ute blant vanlige folk og høyre kva dei faktisk tenker og meiner. Det hadde dei hatt godt av. Eg ser berre meg sjølv, når eg ein sjelden gong vender blikket og trynet tilbake til Vestlandet. Miljøforandringa frå synserne på Litteraturhuset og journalistane og ja, desse folka eg omgås her i Oslo, er enorm. Eg føler meg nesten som på teater, som på feltarbeid. Så stor er faktisk spriket, eller skillet, mellom kultureliten i Oslo og resten. Slik er det berre, det må vi forholde oss til, men ein trenger ikkje nødvendigvis dele ut ein Fritt Ord-pris kvar gong bygdedyret maktar å trenge gjennom i offentlig debatt på nasjonalt plan.

Avisutklippa her taler for seg sjølv. Dette handler ikkje om fritt ord, men om dumskap og vankunne. Greit nok at det er reaksjonært, men i tillegg er det, og i dag er eg enig med Dagblas leder: "Monsens bidrag er mer nedrig enn modig ved at hun legitimerer vrangforestillinger og fordommer".

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...