Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 28, 2008

Landevegsrøveri og kald hamburger

Nokre pensjonistar sit og sladrar på ein lokal kafe i Sunnfjord. Regnet høljar ned og røyken ligg tett under plasttaket blant plaststolane. Oppned blomsterpotter tjener som askebeger, og på plastduken er det kaffesøl. Fleire fuglar sit og et av ein forlatt hamburger som står på nabobordet. Pommes frites og burger ligg utover golvet. - Sjå på fuglane, seier den mannlege pensjonisten med Coop-posen til dei to kvinnelege. - Kven er det som har råd te slikt? seier den eine kvinna. - Dei unge klarer aldri berekne kor mykje mat dei skal ha, seier ho. - Vi har det altfor godt, seier mannen. Ein servitør kjem og ryddar av bordet. Måkane skrik rundt meg medan eg et ein halvsteikt hamburger med altfor mykje dressing, og forsøker å svelge ein overkrydra pomfrites. Etterpå føler eg meg ikkje heilt som før.

Eg liker moderne kunst

Her er ein del spanande, i Oslo feks kryr det av interessant moderne kunst, mens her i Førde for to år sidan møtte eg på ei dame som var ein eller anna form for sjef for kunst her omkring, som sa at dei skulle få ein sånn der videoinstallasjon til Førde no snart - om eg hadde hørt om det? Da tenkte eg i mitt om kunnskapen om kunst. Men ein ting er sikkert, som i artikkelen på Dagbladet.no: døde dyr på utstilling er intet nytt lenger. Det er berre copy - past. Kunst i Oslo: All apologies UKS The last battle. There is plenty of gold I've been told Moderne kunst er langt frå søppel. Så kan dei som likar å sjå på attenhundretalsnostalgien få lov til det. Eg ser gjerne på den også.