Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 20, 2010

Tolerer ikkje Økodirekt forskning som viser noko anna enn dei sjølv kan tolerere?

Om vi ser vidare på deltakarane i debatten om økologisk landbruk, ser vi at dei fleste som er pro har økonomiske eller politiske interessser. Dei aksepterer ikkje fri forskning og vil helst sjå den død. Les dette sitatet under, men først ein liten intro til den som har skrive innlegget: Geir Ole Sætremyr skriv dette som svar på innlegget «Mer økologisk?» av Arne Grønlund i Dagsavisens debattforum «Nye Meninger». Merk deg at han ønsker at Grønlunds forskning død (forskninga hans viser at økologisk ikkje er betre for miljøet enn konvensjonelt landbruk), og at han ønsker at Grønlund skal ha blitt irettesett på kammerset. Kanskje ikkje så rart. Sætremyr jobbar i firmaet ØkoDirekt. Økodirekt sel økologiske produkt, slik namnet tilseier, nærmare bestemt ØkoDirekt, økologisk frukt og grønt rett hjem: «Geir Ole Sætremyr satser friskt på omsetning av økologiske varer på Sunnmøre. Bedriften hans står for levering av økologisk skolefrukt i kommunene Ålesund og Sula.» Sætremyr har økonomiske int