Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten villsau

Plastskrot på havet drep sjøfugl

Kvart år vert det plukka mange titals tonn søppel frå viker og bukter på Værlandet. Søpla kjem frå privatpersonar, oljeindustri og fiskeri. Du finn alt frå plastposar til støvlar og flasker. Sjøfugl som et plast går ein pinefull død i møte. På bileta brenn vi drivved og materiale, pallar og plankar. Nokre fulle i spiker som dei beitande villsauene eller folk kan trakke på. Moralen er: hiv ikkje søpla di på havet. Det ser stygt ut og gjer stor skade på fugle- og dyreliv    

Villsauenes rike er også natur-, fiske- og fugleparadis

Værlandet og Bulandet. Her møter ein havørn, oter, kobbe og sjøfugl kvar dag.

Brenning av lynghei

Brenning av lynhei gir fine sauebeiter. Gamal næringsfattig lyng brenn vekk og ny næringsrik veks opp og vert til gode villsaubeiter. Brenninga de ser bilete av er på Værlandet i Sogn og Fjordane. Ein brenn avgrensa områder, gjerne med naturlege avgrensingar som bergveggar og sund. Brannen er kontrollert. Lynghei er eit kulturlandskap skapt av beitedyr og brenning. Om ein ikkje brenn og beitar vil skog vekse opp og lyngheia bli overgrodd. På grunn av nedgang i antal beitedyr har mykje lynghei forsvunne og blitt erstatta av skog. Lese meir om villsau og sjå fleire foto frå Værlandet? Sjå dei to føregåande postane på bloggen.

Villsauhald langs kysten

Idag var eg med ut i båt og såg til villsauer på Værlandet. Vi traff blant anna tre hjort, havørna på nært hald to gonger, oter og tjeld. Fantastisk natur og dyreliv blant øyane. Så gjekk vi i land og såg til sauene. Kaffe var med. Her er fantastiske viker med sandbotn, øyer og strender. Litt info om villsau. Villsau er betegnelsen på sauer av rasen gammal norsk sau, Norges ursau, som lever ute heile året på kysten og beitar på lynghei. Nokre trur at slike utegangarsauer ikkje kan temmast, men det kan dei. Berre sjå bileta! Ved rett stell og handtering er dei like tamme som "vanlege sauer". Det er viktig å ta seg av og sjå til sauene sjølv om dei lever ute. Dei skal ha vaksiner og parasittbehandling, og ulla skal av. Om dei ikkje feller ulla, fleire rasar feller nemleg ulla sjølv, eller blir klipt, vert dei gåande med dobbel fell. Villsau skal ikkje berre overlatast til seg sj...