Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 17, 2011

Det er på tide at nynorskfolket sluttar å gjere det til ei belastning å vere nynorskbrukar.

Slutt å kjefte, målfolk Lesarbrev i Klassekampen torsdag 20.januar 2011 Det er ikkje uventa at Allkunne viser vankunne i sin framgang mot Wikipedia. Klassekampens journalist Olav Brostrup Müller skriv i Klassekampen 15.januar det vi alle tenker: «Målsaken er altfor viktig til å blil overlatt til nynorskfolk». Eg er skribent og bloggar. Eg skriv nynorsk. Eg skriv kort og godt nynorsk fordi det føles mest naturleg, men å berre meine at nynorsk er mest anvendeleg, er ikkje grunn god nok. Eg vert pepra huden full i at årsakssamanhengen for mitt språkvalg er langt meir komplisert. Det handlar visst om språkleg sjølvkjensle. Skriv eg bokmål har eg dårleg sjølvkjensle og vel eg sideformer tek eg avstand frå røtene mine. Det eine argumentet er meir patetisk enn det andre, og dei handlar om alt anna enn språket. Debatten om nynorsk minnar ofte om forkvakla psykoanalyse. Røynda verkar vere ein fjern stad for mange i nynorskens trange korridorar. Nynorskens folk fell stort sett i kategorien «