Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 14, 2010

Vittige sitater frå nettdebatten om TINEs kampanje

Om talemåtar i debattforum på nettet. «Tullførkje kaller me sånne som Anne her i bygden. Har rota seg opp i et hjørne i kritikk og uppgulp og annet elende.» Oddgeir Grytdal, Nationens nettforum. Det er til tider svært underhaldande å delta i nettdebattar. Der finst ingen etikette, personangrep er ofte beste forsvar og til tider glir det ut i det utruligaste. Eg brøler tidvis av latter, tidvis ristar eg på hovudet. Det eg synst er underlig, er at ein trur at slike komiske kommentarer som dette bit på. Det er jo berre skrekkelig vittig! «eg registrerer at FRK. VIKEN (Anne Viken, journ.anm.) er ute med sine obsternasiske ord og vendingar – igjen…du er ei ungjente i høve meg, men fullt så gammal er eg no ikkje ennå, og tek dette med eit flir, men eg tykkjer det er synd på deg. No har du gått langt over den seriøse debattforumet dette kunne blitt, men hald fram du i din “frodige” stil ..eit råd til dykk andre, dette er ikkje verdigt for næringa eller bønder generelt, sandt og sei så vert de