Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2007

Omdømet til Sogn og Fjordane inn i år 2008: Stagnasjon eller rom for nytenking

I dagens leiar i Firda kunne eg lese dette: "Vi vil hevde at Sogn og Fjordane er betre rusta for å møte framtida no enn for eit år tilbake, ikkje minst fordi 2007 har vore året då vi for alvor har teke til å drøfte fylket vårt i eit framtidsperspektiv og kva vi kan gjere for å betre omdømet frå å vere ein sidrumpa tradisjonsberar til å bli eit framtidsretta fylke med eit spennande utviklingspotensial. (...) Stikkord som bunadsdebatt og tenketank viser i alle fall at vi er begynt på vegen. Ein viktig del av denne utviklinga, er at mange murar er i ferd med å bli demonterte", skriv Firda på leiarplass. I vår skreiv eg eit lesarbrev i Firda under tittelen "Imageproblemet Sogn og Fjordane". Dette innlegget skulle etterkvart skape det fleire omtalar som den heitaste debatten i Sogn og Fjordane etter andre verdskrig. Det var avisreportasjer, oppslag og ein lesarbrevstorm i avisa Firda. Ord som bunadsbål, bunadspyroman, bunadsbrenning, imagedebatt og andre ord kom på tr

Oslo er full av store tre

Oslo er full av store tre som kroker seg som gamle krek i parkane. Kjempestore tre i Sofienbergparken. Nesten som i ein urskog. Trea tar over heile byen. Er større enn husa. Eg er glad i tre. Dei er mektige på ein dramatisk måte. Store hus og mange biler. Oslo er full av fargar. Fargerike bilar og hus og store tre over alt. Atter eit kjempestort tre i Sofienbergparken. Store tre og store plakatar ved Akerselva. Trea er langt større enn husa. Benk ved Akerselva. Her kan ein sitte å sjå på dei store trea. Det gjer eg av og til om natta. Ein gul bil som matcher trea. Eg syns gule biler passer godt til store tre.

Ein fin sofa eg traff på gata

Oj, ein sofa. Eg synest den matcher døra og karmane. Denne sofaen kunne eg strengt tatt tatt under armen og gått heim med. Men da måtte ein malt veggene grøne og karmane blå.

No er det jul, trekk (ikkje) kniv

Jul. Eg heiter Anne og kjem frå Bygstad og i Bygstad feirar vi jul. Nett no sit eg i eit årleg tradisjonelt juleselskap på Viksdala oppe mellom fjella langt forbi store vatn der folk i gamle dagar måtte ro for å kome seg til sivilisasjonen, dvs Sande eller Bygstad. Vegen her er så smal og svingete og så full av hjort som hopper fram frå skjul, at det er aldri godt å vite om alle som var inviterte i selskap, faktisk kjem fram i live. Veiene her er speilblanke isdekte svingete krokete livsfarlege, og langs veien står det pina dø her og der hårete kyr og kjiker stygt på deg der du skrensar forbi og sladdar rundt neste sving i fattern sin bil som eg forøvrig kjørte felgane av i ein endå meir humpete, svingete, holete og fæl vei som det i tillegg err nitti graders stigning på nedi Bygstad her for nokre år sidan. Felgane traff nokre sauer som stod nedi bakken, men det er ei anna historie. No skal vi snakke om jul. I dag har eg ete middag med mine fettrar. Eg er einaste jenta i familien og eg

Kulturelite! Det trenger vi

Ja, vi trenger ein kulturelite. Det er no eg iallefall einig i. Vi trenger folk som har kompetanse og vi trenger folk som tenker sjølv og folk som har begrunna meiningar. Men skal vi kalle dei ein elite? Kanskje eit anna ord hadde vore betre. Meiningselite, kunnskapselite, medieelite, synserelite. Det er litt elitistisk. Og kvar finn ein denne eliten? For dei som er elite i Sunnfjord feks ville ikkje nødvendigvis nå opp i Oslo der konkurransen er langt hardare. Må ein ha ein elite knytt til kvar klasse? eller ein klasse som elite? eller kriterier på tvers av klassar for å fastslå kven som var eliten? Ein kunne kanskje heller snakke om kompetente mennesker heller enn elite, men det blir ikkje heilt bra det heller. Kva med folk som sit med kunnskap. Kunnskapsprodusentar og meiningsforvaltarar? Tja, folk som får verda til å svinge, og tankane til å endre mønster er utvilsamt elite i kraft av evne til å få folk til å tenke. Kva med å sei at det å få folk til å tenke, kvalifiserer til å ve

Kveld i rottereiret - kick Jens' ass, Al Gore.

Ein perfekt vinterkveld i beinkalde Oslo, når det er sju minus utanfor tynne vindu og beinkaldt på rommet, er å sitte på kjøkkenet, drikke te, ete mandariner, høre på Band of Horses og synge høgt og falskt mens ein dunker i veggen berre fordi veggen er så tynn at den lager sånn hul skranglelyd. Kva er moralen her, for alt må vel ha ein moral sidan dette ikkje er ein kjedelig dagbok-blog, men ein krøllete samfunnskritisk blog. Moralen er vel egentlig berre at eg anbefalar å starte dagen på Blitz med kaffe, stearinlys og direktesendt slakt av al Gores Norges-skryt i landets mest innrøyka studio mens ein kjefter på Jens sin klimapolitikk og ber han ryke til Arktis for å sloss som eit realt mannfolk med kvar jævla isbjørn han kjem over. Eg hadde egentlig syntes det var litt gøy om Al Gore heller enn å prise Norges klimapolitikk, sparka Jens drithardt i ræva, slenge han rundt etter slipset eit par runder og sendte han avstad ut i verdensrommet. Lenge leve Blitz og leve meg. Og heia koseli

Hetlesaka blir teater

To karar står å grev opp ei grav på kirkegarden på Viksdalen saman med ein an kar. Brått kjem det ein hest inn grinda på kirkegarden. Den er fullt påsela. Hesten travar bort til den opne grava, kikar nedi og ser på dei to karane før den forsvinn i lause lufta. Var det denne hesten Hetle-karane var på fjellet å leita etter den natta Henrik Hetle fall død om på Hetlestølen på Viksdalen ei natt i august 1906? Den har isåfall vore daud i over seksti år. Bildet viser Mikale Hetle (skodespelar) i slåttemyra som han og Henrik Hetle krangla om. Neste viser Henrik Hetle kvelden før han døde Heilt sidan eg var lita har eg hørt pappa fortelle om Hetlesaka og Hetle-karane. Halve slekta mi er frå Viksdalen . Det er utrulig fasinerande korleis ei heil bygd kan gå i flokk og få to karar uskuldig dømt utan det fnugg av saklege bevis. Eg har lese ein god del av rettargangen og bevisa mot dei to, og det kan i verste fall seiast å sprike i absolutt alle retningar. Obduksjonen av den døde Henrik blei i ti

Spar penga til øl

Julehandel og massekonsum genererer enorme C02-utslepp.

åme, lurveleven og byks held meg gåande i dagesvis

facebook-parodien fortsetter Anne is føler ei stigande uro for at fleire kommunar enn det vi alt veit skal ha gått på ein terra. 8:55pm Anne is bekymra for at enkelte ser ut til å bruke heile livet sitt på Quis fra start.no. 12:37pm Anne is bekymra for korvidt det er hensiktsmessig å ha fast lrødagsspalte no når mandarinane har blitt så dyre. 12:02am December 6 Anne is bekymra for at rekkehusprisane stig no i desse hund, volvo tider. håpar terra ikkje pressar mandarinprisane endå høgare. eg tar meg ein øl mens eg ha råd. 11:23pm Anne is bekymra for om norske kyr får nok mat no i julebordstida og bøndene ligg grøftelangs i termodress å spyr kvar einaste kveld. 11:06pm Anne is er bekymra for om terra-skandalen kan få konsekvensar for mandarinprisane. 11:01pm Anne is dagens sitat: finn deg ei bru og byks! 10:30pm

Surprise: DU (ja du ja) er en pervo jævel!!

Kven var mora til lampeskjermen din i ditt siste liv? Dersom du ikkje forstår kva eg meinar, er du kort sagt eit kjøleskap. (FOr den som ikkje skjønte det, er dette ein faisbookparodi. eg er så dønn lei av folk som tester seg og får opp: du er ein pervo jævel! du er den perfekte kjæreste.. du var ein kamel i ditt forrige liv!! ditt liv er en kjærlighetsfilm... din far var en sementsekk! du er den fødte byråkrat... levra di blinker i mørket, osv)

Finn deg ei bru og byks

anne says: finn deg ei bru og byks Bare Are says: hohoho anne says: hohoho anne says: finn deg ei bru og byks hahahaha anne says: det er så innihelveæte morsomt anne says: finn deg ei bru og byks HAHAHAHAHAHA Bare Are says: haahahahahahahahahaha anne says: du og?? anne says: du ler like høgt som meg?? Bare Are says: jupp, stas anne says: hahahahaha anne says: LOL anne says: skratt skratt Bare Are says: LOL, så innmari LOL

Jeg var ment for å ligge i grønne enger..

Trykket i Klassekampen 24.11.2007, bakside-petit Da jeg ble født, var jeg ren og naken og passet inn i grønne enger. Jeg var ment å leke med lam, drikke vann på alle fire fra bekken, springe omkring i skogen med blomster i hendene eller flette håret til andre kvinner. Jeg skulle blitt ren og dydig, og vært dau når jeg ble 40 etter å ha fått en ti-femten unger. Men sånn ble det altså ikke. Jeg ble et pølsespisende hettegensermonster med lite penger og sviktende lever. Jeg labber bortover gata med hull i skoa og hull i genseren og hull i lua og hull i lommeboka. Jeg ligger våken om natta og hører på menn som denger hverandre med veiskilt i gata utenfor, har spøkelser på loftet og politiet på døra med jevne mellomrom. Når jeg skal spise, går jeg på Seven Eleven. Jeg liker riktignok lam, men helst i pølseform. Når jeg skal drikke, stikker jeg ikke trynet i elva. Jeg går jeg på pub. Jeg bor i by, jeg er single og min dødsårsak vil være leversvikt. Alternativet er at jeg blir kokt. Jeg spi