Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 21, 2013

Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk.

Kyr i lausdriftsfjøs. Like bra som beite, meiner mange.. Sol og sommar i Norge, men norske konvensjonelle melkekyr i lausdrift har ingen krav på å få kome ut på beite, ikkje ein gong krav på å få kome ut i ein luftegard. Tines melkekartongar viser kyr på beite, sjølvsagt, dei frir til forbrukar, men fakta er at kun 10 prosent av norske kyrs fôrinntak kjem frå beite. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen. Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk. Men det er denne tiprosenten med beite Tine bruker i si marknadsføring av melk og melkeprodukt: kyr på beite pregar melkekartongane saman med søte historier om ungar som steller dei. Norske kyr henta i 2012 43 prosent av matinntaket frå kraftfôr. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen. Eit autentisk bilete av kva norske kyr et, ville ha vore eit foto av soyaproduksjon i Brasil på melkekartongane. Eller kanskje eit bilete frå aust-Europa?   Fakta er: norske lausdriftskyr h