Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 3, 2012

Kva er det artigaste oppdraget å få som dyrlege i felten?

TJA. Eg liker å utrede hestar. Kolikk er ein ganske interessant diagnose der du får gjort ei heil bråte med medisin. Andre interessante kasus er hestar med mystiske symptom på eit eller anna underleg der ein må vri hjernen litt for å finne ut kva det kan vere for noko. For eksempel feber som svingar, stive bein og andre underlige saker som ikkje alltid er heilt lett å direkte påpeike årsaka til. Blant anna hadde eg ein gong ein hest som på dag ein fekk kolikk, på dag to vart blind i eit døgn, og på dag tre fekk synet tilbake. Vanskelige tilfeller, men svært interessant. Om enn sjølvsagt svært kjedelege for eigaren. Men diagnosen frå helvete er utan tvil livmorframfall på ku. Alle som har sett korleis det ser ut når livmora ramlar ut på ei ku, veit at dette er eit lite lekkert syn. Den er ei bråte med kilo tung. Har den lagt ute av kua lenge, kan den vere tørr. Den kan ha blitt porøs, den kan sprekke og gå hol i når du tar i den. Er du riktig heldig ligg livmora i ein dam med vatn o