Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 30, 2009

Gratis reklame på nett

Sidan Førdefestivalen er så tøff, får den lov å reklamere gratis for seg sjølv på firda.no sine heimesider. Snakker om lokal dugnad. Nivået på journalistikken på firda.no vert verre og verre. (Firda på papir held eit heilt anna nivå). Skal ein le eller grine? Her ligg ute bildeseriar av Jens, som om Jens er noko så særlig spesielt å få besøk av at ein må ha bildeserien liggande ute i vekesvis. Ein gir eit sterkt inntrykk av at på bygda ser vi sjelden noko til dei store gutta, vi er i bakevja. Eventuelt: vi på bygda har eit nasegrus, lettare patetisk forhold til makta i tigerstaden. Neste tolkning: vi har ikkje noko forhold til makta i Tigerstaden, så vi omtaler den så naivt vi overhodet klarer, uten å vite det sjølv vel å merke, sidan vi veit like lite om makta i tigerstaden som den gjer om interiøret på soverommet vårt. Lokalpressa slit med imageproblemer, og det med svært god grunn.