Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 26, 2012

Den nye Dalsfjordbrua ser slik ut!

Fredag morgon klokka 08.10 er det reportasje frå Bygstad på God Morgon Norge. Bygstad vann avstemninga om Sogn og Fjordanes vakraste stad. Då TV2 var på besøk, tok eg meg ein tur i båt ut Dalsfjorden frå Bygstad til Dale og såg på brua som dei skal bygge over fjorden. Nokon må jo sjekke at den står støtt og ikkje veltar uti fjorden, så eg tok altså på meg denne jobben. Slik ser det ut om ein ser den frå Dale. Her er brustolpen på Dalesida. Og her er den andre sida. Du ser tunnellen går inn i fjellet bak der. Her ser vi brua frå Dalesida igjen, med fundamentet og alt. Rimelig høge brutårn! Laukelandsfossen over, og brutårnet på andre sida under. Begge brutårna sett med Dale i bakgrunnen.

Det heng mykje kunst rundt i fylket på stader som ikkje er museum

KUNSTsf2012 Tour har på si reise i Sogn og Fjordane oppdaga ei rekke kunstverk som heng på heilt andre stader enn eit museum. Blant anna på Sunnfjord Hotell, Førdehuset og i rådhuset i Førde. Sjå meir kunst i bloggposten til KUNSTsf2012 Tour, og les om kvar du kan finne den. Torsheim-biletet over er frå Førdehuset, og biletet under er frå Sunnfjord Hotell.

Lørdag signerer eg bøker på bokhandlane i Førde!

Lørdag klokka 12-14 signerer eg bøker på bokhandelen på Handelshuset i Førde. Klokka 14-16 same dag signerer eg bøker på bokhandelen i første etasje på Førde Torg! Det blir mulighet til å stille spørsmål om dyr sidan eg er dyrlege! Les meir om boka her.

Brenning av høner og andre fakta for barn - artikkel

Bør fjørfenæringa få innpass i barneskulen med sitt eige undervisningsmateriale? Og kven kan kvalitetssikre bøker om landbruk mynta på barn når forskarar i veterinærmedisin ikkje klarer det?  Eg har skrive om tre bøker om mat og landbruk for barn i siste utgave av tidsskriftet PROSA. Les heile artikkelen her. Desse bøkene er omtalt :