Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 16, 2010

Oslo mot røkla

Saker frå frokostmøtet i regi av Civita og Minerva. Oslo-eliten er som bygdedyret, seier Lundteigen. Sak i Nationen. Lundteigen har rett, skriv Torbjørn Røe Isaksen. Eg kan vel tilføye at Lundteigen er ein av dei få frå Senterpartiet som vågar kalle ein spade for ein spade i dei aller fleste saker. .

Senterpartiets skrøner om sentralisering

Det kjem til å komme berre 1905 nye innbyggarar i Sogn og Fjordane innan år 2030, viste tal frå SSB. Reaksjonane på tala frå fylkets politikarar, kan forklare kvifor det går som det går i Sogn og Fjordane. Jenny Følling, gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, leverte dette sitatet til NRK som respons på tala: – Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering. Les saka hos NRK her. Ja kva skulle vi vel gjort utan Senterpartiet, og kva skulle vi vel gjort utan nokon som tenkte at det var viktig med desentralisering. Som om ikkje alle politiske parti ute i bygdene ønsker seg at nett deira bygd skal overleve. Føllings sitat er på sitt beste dumt: sjølvsagt kunne det ha vore verre, men ærlig talt. Tala er svært ille. Virkelighetsfornektelsen blir i seg sjølv ein parodi frå Følling, ordføraren i Gaular kommune. Kommunen som ikkje kan tilby internett til folk som bur der. Djevelen finst i detaljane. Det