Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 9, 2012

Rapport frå opning av nytt kunstmuseum i Førde - hummer og kanari, eller tenker dei ta valg, på sikt?

Igår var det opning av kunstmuseet i Førde. Eg trappa opp iført eit kulturelitetilpassa antrekk med hipstersko og tilbehør. Den første fyren eg gjekk på var Frank Willy. Han stod bak ein diger betonogklosse og hørte ingenting saman med Ove. Her er eit bilete av oss. Betongklossen er til venstre. Eg stilte meg opp på same flekk og høyrde like lite. Etter ei stund avslørte vi at Hans Jakob Reite stod like ved og lata som om han var i sivil. Reite var i eit heidundrande Reite-humør og skapte voldsomt bra stemning i køa, der vi stod som sild i tønner og fekk angst kvar gong døra stengte seg: KJEM VI IKKJE INN?? men så opna den igjen og nye slapp inn. Som ein god gamal uteplass, humra Reite. Reite hadde på seg eit slips med kyr på. Oppå betongklossen stod ein megasvær turtles-trompet som vi hadde ein lang samtale om korvidt kunne brukes i ein valgkamp. Alt vi måtte bedrive fordi vi ikkje hørte eit einaste ord av verken den eine eller andre talen. Eg ante heller ikkje