Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2009

Ebba Haslund/ Berlin: djevleutdrivelse, mensblod og real shit-ekteskapsdrama

Ålreit. No er eg i Berlin for å skrive bok, eller det som kanskje skal bli ei bok med litt flaks. (Eg trur det er bestemt frå høgare hald at det skal bli bok). Uansett. Eg tok flyet til Berlin idag tidlig og hadde rota vekk adressa til kåken her i Kreutzberg. Greit nok. Den fekk eg tak i, men med min dårlige tysk (eg er virkelig ikkje glad i språk) klarte eg visstnok å fortelle ein av naboane her at eg skulle besøke ein venn som ikkje var heime før klokka ti over to. Gudane veit korleis eg fekk det til. Eg meinte egentlig å sei at eg hadde gått opp i feil oppgang, og at eg skulle til ein kåk på andre sida av bakgarden, men uansett. Mannen, som hadde 150 klokker i stua som tikka i takt - eg tuller ikkje- serverte kruttsterk kaffe mens eg venta på min venn (eg har ingen venn i Berlin??) som skulle komme klokka ti over to. Presis ti over to toga eg ut, full av kjeks og kaffe, og opp i femte etasje i Forster strasse i Kreutzberg. Her sitte eg no og skjønner ikkje heilt kvifor eg gidder å s

Eg er naturviter.

Eg begynner å bli lei av vitenskapsjournalist Bjørn Vassnes mindreverdihetskomplekser på vegne av meg og min stand...

Om kannibalisering av stoff blant journalistar

Ein journalist som ikkje skaffar seg ny informasjon eller går ut frå kontoret, vil ha lite valg anna enn å kannibalisere, og eg siterer Tom Wolfe «The New Journalism» (1975: 25-26): After a few weeks they start to dry up. You can see the poor bastards floundering and gasping. They're dying of thirst. They're out of material (...) Without tv-shows to cannibalize, half of these people (aviskommentatorer) would be lost utterly catatonic (...). Anytime you see a columnist trying to sqeeze material out of his house, articles, books or the televisionset you've got a starving soult on your hands... (...) Sjekk ut nærmaste kommentarspalte, nærmaste politiske kommentator, tabloidene... og du vil sjå at desse har ikkje vore ute av kontoret sitt på ei god stund. Dei er oftast godt uttørka underhaldningskannibalar.

Dei høgt utdanna held seg i sine eigne nisjemedier (heile artikkelen)

Trykk på bildet av kommentar og den blir stor og leselig! «Vi trenger en sosialt inkluderende offentlighet, og det er ingen grunn til å tro at dette innebærer en vulgær og uinformert debatt i et land med så høgt utdanningsnivå som Norge», står det i innleiinga til antologien «Demokratiet før og nå» som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlegheit, ser vi at påstanden er naiv. Ei sak som har skapt mykje liv i pressa dei siste vekene er til dømes Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Eg er ikkje av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2 , høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag. På same tid er det eit faktum at det norske folk, og ergo også norske journalistar, har høgare utdanningsnivå enn før. Det

Dei høgt utdanna held seg helst i sine eigne nisjemedier

Les heile artikkelen her. Utdrag: «Vi trenger en sosialt inkluderende offentlighet, og det er ingen grunn til å tro at dette innebærer en vulgær og uinformert debatt i et land med så høgt utdanningsnivå som Norge», står det i innleiinga til antologien «Demokratiet før og nå» som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlegheit, ser vi at påstanden er naiv. Ei sak som har skapt mykje liv i pressa dei siste vekene er til dømes Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Les min Signert-artikkel på side tre i helgas Klassekampen. Rune Stubagers "The Education Cleavage: The Socio-Structural Foundations of Culture Wars". Min artikkel er bygd på ein kortversjon (artikkel): Stubager, Rune (2009): The education cleavage: The socio-structural foundation of culture wars, Paper prepared for presentation at IPSA’s 21st World Congress of Political Science, Santiago, July 12-16 2009.

Tålmodighetens stein av Ariq Rahimi

Eg skal prøve meg på å omtale denne boka. Det er ikkje lett. På den eine sida interesserer denne boka meg ikkje så veldig. Eg ville gjerne bli ferdig med den og legge den vekk med ein gong eg begynte å lese den, og det er ikkje spesielt rettferdig for boka sin del. Dette endra seg etterkvart som eg begynte å like hovedpersonen, og etterkvart som hovedpersonen slutta å sitte med bønnekjede heile dagen men begynte å fortelle meg om sitt liv som kvinne i Afghanistan. For det er det denne boka handlar om: skam, vold, overgrep mot kvinner utført av menn og andre kvinner. Eg har før lese boka Sangati av Bama , og den gjorde eit sterkt inntrykk. Sangati las eg i Andhra Pradesh, India, på kveldstid i ein liten leilighet i ein landsby ein time frå Hyderabad etter å ha site ansikt til ansikt snakka med Dalit-kvinnene i ein annan landsby like før. Bama er Dalit. Handlinga utspelte seg på alle kantar og gjorde eit sterkt inntrykk. Vold mot kvinner var noko vi såg og hørte om gjennom personlige his

Bør norske forfattarar bør nøye seg med "å skrive nok ein roman om utsikten fra vinduet"?

Norske forfattere interesserer seg ikke for naturvitenskap. I en verden som holder på å krepere, er det deprimerende, meinte Gert Nygårdshaug i Klassekampen 17.november. Poeten Espen Stueland lurte på om norske forfattarar bør nøye seg med "å skrive nok ein roman om utsikten fra vinduet". Nygårdshaug sa vidare at "Jeg er skuffet over min generasjon av forfattere (...) som har henfalt til å skrive bøker om sin egen barndom, om mor og far og jeg vet ikke hva, sier Nygårdshaug, og peker på at tidligere generasjoner av forfattere i større grad har hatt tradisjon for å gå til vitenskapen for å finne stoff til bøkene sine. Norske forfattere skriver om egne skilsmisser. - Vi befinner oss i en selvsentrert overgangstid, mener forsker Nina Witoszek. Eg syns ikkje det er eit problem at Hoem og Wassmo skriv om oppvekst og barndom, far og mor og livet sitt. Årsak: det er interessante og relevante skildringar av levd liv og historie, ikkje minst. Det er ikkje akkurat slik at forfatt

Hundre år av Herbjørg Wassmo

Medan alle snakka om "Min kamp 1" av Karl Ove Knausgård, sat eg og las "Hundre år" av Herbjørg Wassmo. Wassmo er ein av mine norske favorittar, saman med Vigdis Hjorth. Eg kjem i farta ikkje på andre norske favorittar, bør eg skamme meg som ikkje seier Dag Solstad??, men av andre kvinnelige forfattarar, gud forby å kalle ein forfattar kvinnelig, som skriv om kvinners liv, kan eg nevne i fleng Doris Lessing . Dyktig dame. Eller kanskje eg skal sei klok forfattar. Ok. Ho er ikkje norsk. Men i klartekst: eg digger å lese om kvinners liv og det er kvinners liv Hundre år handlar om. Kvinner og kvinner og deira menn, kjærlighet, skjebnen, ulykker, livet, regnet, døden, skispor, måneskinn, livet. Alt dette finn ein flust av i Hundre år. Mi absolutte favorittbok frå Wassmo, er Dinas bok. Den er fabelaktig. Det er ei slik bok der du blir aldeles frå deg ved tanken på at den snart er lesen ut. I "Hundre år" møter vi att Dinas son som ho fekk med mannen ho blei

Ufrivillig mannlig selskap i Markveien nattestid ..

Det er av og til ganske irriterande å vere kvinne. Du blir plystra etter og ropt etter og du blir ufrivillig fulgt heim av mørkhuda menn som står linja opp på begge sider av Markveien i Oslo og "wanna be your friend". Eg har blitt fotfulgt frå Akerselva til Birkelunden. Jadda, gutta. De er sikkert greie på bånn, innerst inne, langt borte og godt skjult under huden ein stad, men eg vil ikkje ha selskapet dåkas på vei heim frå byen. Likevel får eg det. Med mindre eg smeller til og ber dei ryke til helvete med god fart. Dette tørr eg vel å merke ikkje om eg går aleine, då risikerer eg å måtte bruke ein kilomter vei på at typen går ved siden av og seier "I just wanna be your friend, why you say fuck you????" Og så må du stoppe og vente til nokon andre kjem forbi som du kan henge på deg, og sjølv då gir ikkje dei verste av dei gutta her opp masinga si. Dei følger etter på andre sida av gata, eller like bak deg. Det hjelper knapt å oversjå dei. Då blir dei gåande ved sida

Perverse landsmenn rider igjen

Den einaste saka som er interessant å følge i dei store trashmediene er sakene om Ari Behn. Mannen har blitt eit fritt vilt for dei konforme trashmediene som anser mannen som eit sært utskot. Kor straite er dei egentlig i Akersgata/ Havnelageret? Dette spørsmålet er ofte stilt. Svært streite, ser svaret ut til å vere. Dei maktar til og med lage ei sak på at nordmenn har sex i bilen. For ein overraskelse, dere. Perverse landsmenn rider igjen. Akersgata og Havnelageret har kun sex i ekte senga, og kun i misjonær.

Vi treng meir gravejournalistikk og vi treng medier med sjølvrespekt.

Idag tidlig klokka halv åtte stod eg på Storo T-banestasjon og heldt på å fryse ræva av meg. For å trøste meg sjølv litt mot den fryktelige kulden som har ramma Oslo, hørte eg på radioen. Det var skuffande greier. Nyhetene var av typen: så og så mange nordmenn er no sjuke av svineinfluensa, så og så mange medlemmer av transportkomiteen på Stortinget har fått fartsbot. Deretter kom eit intervju med Knut Arild Hareide, Krf som sa han hadde fått parkeringsbot! Kjære vakre vene. Dei stortingsvalgte er folkevalgte, representanter av folket. Vi har alle fått p-bot eller fartsbot eller ei eller anna anna form for bot. Eg har fartsbot. Fy flat for ein galning Trond Giske er som har site på i ein bil som kjørte i 140 kilometer i timen. Saka hadde vore ca uinteressant om det ikkje hadde lagt nokre journalistar på hjul bak, som i desperasjon noterte ned farten og tenke hurra no får vi ei siteringssak. Stakkars ubrukelige journalister som ikkje greier grave opp meir saftige saker enn som så. Stak

Å skrive ei bok er heilt uvirkelig

.. er svinaktig morsomt. Heilt sidan eg var lita har eg tenkt at eg skulle bli forfattar. Når eg no sit lysekruna på Sehestedsplass og er ein av dei heldig jævlane som får lov til å skrive bok, tenker eg at dette egentlig er heilt vanvittig. Å få penger for å skrive dei villaste historier, mekke dei mest sinnsyke plott, spikre nutcases frå virkeligheten til bokmanus og gjere dei udødelige. Det går egentlig ikkje an å skrive om å skrive. Eg skriver og eg nyter det kvar dag, kvar veke, kvar time, at eg har klart det: å komme inn på eit forlag med mine fandenivoldske manus. Det skal ikkje vere enkelt, men det skal heller ikkje vere for vanskelig. Ein høyrer alltid om at berre ei promille av manus som blir sendt inn til forlaga, blir til bøker. Dette stemmer. Eg sende mitt manus til ein redaktør, og så var vi i gang. Det var faktisk ganske enkelt, i fare for å høyrest ut som ein arrogant jævel. Til trøst for dykk som meiner dette blir for enkle påstander: det første eg deretter foretok me

Dagens overskrifter

Coca-Cola stanser falsk reklame for voldtektsdrikk Akevitt og avfrelsning Nå er hun ikke lenger landets hotteste Derfor bør du aldri irritere en hest Beklager at jeg kalte rumpa hennes enorm Emma (16) er nær to meter høy og vokser... alle er seff henta frå Dagbladet.no

Eg hermer etter Naken lunsj.

Språkleg genial bok der den slår til i enkelte beskrivelser som eg berre må omskrive og kidnappe.

Kven skal avsløre Mattilsynet?

Av og til høyrer vi om Mattilsynet som har avslørt nok ei dyretragedie. Spørsmålet er vel like ofte om ikkje Mattilsynet snart bør avslørast for å gripe inn for seint, og for å ha for dårlig oversikt... Samtale: Mattilsynet: Vårt ansvar er dyrene. Du: Ikke mennesker? Mattilsynet: Ikke mennesker. Du: Hva gjør dere med menneskene? Mattilsynet: Vi politianmelder dem. Vi har ikke menneskelig innsikt. Vi har dyrisk innsikt og kun i dyr, og kun på papiret. Vi er Mattilsynet og vi digger å løfte papir. Vi løfter i takt så støvet letter fra kontorpultene våre.

Twitter: eit elitefenomen. Facebook er for alle

Idag var eg på seminaret Amatørene kommer på IMK på Blindern. Norge ser ut til å vere verdensmester i facebook. What else is new? Vi er eit modent postindustrielt samfunn. Ålreit. Men vi har ikkje kome så langt at vi leser blogger, ikkje enda. KUn åtte prosent av oss nordmenn bloggar, og 57 prosent les aldri ein blogg. Ikkje overraskande. Det som er litt interessant, er at kun 15 prosent av oss brukar Twitter. Det er kun 8 prosent i aldersgruppa 15-29 år, 7 prosent i gruppa 30-34 og 4 prosent i 40-59 som brukar Twitter. Nord-Norge og Trøndelag twitrar mindre enn resten av landet. Er Twitter eit elitefenomen? Opinionsledere er storforbrukere av sosiale medier. Facebook er dei sosiale medienes VG, og Twitter er dei sosiale medienes Dagens Næringsliv, eit nisjefenomen. Eit elitefenomen. Vi kan snakke om eit klasseskille i tradisjonelle medier, eller at dei tradisjonelle mediene skaper eit klasseskille mellom nisjemedier som Klassekampen og MOrgenbladet på den eine sida, og trashmediene

Dårlige sjefar og redaktør som ikkje vil betale: ei av årsakene til at der finst få frittståande skribentar

Eg har uteståande pengar for forhandsbestilt stoff, og eg blir forbanna. Det ser ut til at enkelte redaktører innbiller seg at det å skrive er ein så heilag aktivitet at vi som skriv gjerne gir bort sjela vår gratis for å komme på trykk. Ja, ein skulle ikkje tru det, men der finst slike redaktørar i presse-Norge. Dei bestiller stoff som dei så ikkje betaler for. Betal husleiga mi, amatørsjefer. Kjære redaktører som trur de er gud og jesus og den heilage gral. De må ikkje innbille dykk at de er dei einaste som tilbyr kloke hoder penger for at vi skal bruke tida vår på å rable ned meiningar til avisa di. Vi har ofte tilbud i hytt og pine. Pressa er nemlig ikkje gud og jesus og den heilage gral eller kva de innbiller dykk. Eg selger ikkje ræva mi for avisa di. Vi er ikkje alle narsisister. Nokon av oss er faktisk seriøse. Gi oss penger før vi går over i andre bransjer! Tips: inkasso for frilansere. ... det hører med til historia at dei fleste redaktører er greie redaktører.... men dei so