Gå til hovedinnhold

Twitter: eit elitefenomen. Facebook er for alle

Idag var eg på seminaret Amatørene kommer IMK på Blindern.

Norge ser ut til å vere verdensmester i facebook. What else is new? Vi er eit modent postindustrielt samfunn. Ålreit. Men vi har ikkje kome så langt at vi leser blogger, ikkje enda. KUn åtte prosent av oss nordmenn bloggar, og 57 prosent les aldri ein blogg. Ikkje overraskande.

Det som er litt interessant, er at kun 15 prosent av oss brukar Twitter. Det er kun 8 prosent i aldersgruppa 15-29 år, 7 prosent i gruppa 30-34 og 4 prosent i 40-59 som brukar Twitter. Nord-Norge og Trøndelag twitrar mindre enn resten av landet.

Er Twitter eit elitefenomen? Opinionsledere er storforbrukere av sosiale medier. Facebook er dei sosiale medienes VG, og Twitter er dei sosiale medienes Dagens Næringsliv, eit nisjefenomen. Eit elitefenomen. Vi kan snakke om eit klasseskille i tradisjonelle medier, eller at dei tradisjonelle mediene skaper eit klasseskille mellom nisjemedier som Klassekampen og MOrgenbladet på den eine sida, og trashmediene som Dagbladet og ei rekke nettaviser, på den andre. På same måte har vi, slik det ser ut, ei klassedeling, eller sterk sosial oppdeling i kven det er som nyttar dei sosiale mediene Facebook og Twitter: dei ressursterke brukar Twitter, dei ressurssterke les Klassekampen og Morgenbladet.

Og denne deloffentligheten: stryker den demokratiet eller gir den meir makt til dei som har makt frå før? Tja. Twitter er ein intern krets. Er sosiale medier ein privat eller offentlig sfære? Og kven er det som deltar i samtalane? Er det majoritetssyn eller marginale synspunkt som kjem til uttrykk? Dette er gode spørsmål, stilt av Iacob Prebensen, medieanalytiker, NRK Analyse.

Angår det egentlig folk om ein debatterer på Twitter, sånn reint bortsett frå at det kan påvirke mediedagsorden, eller at det skaper online allianser..

Blogger.

Det viser seg, ifølge Matthew Hindman som har skrive "The myth of digital democracy" at de mest leste amerikanske politiske bloggane, er kvitare, meir mannlige og høgare utdanna enn dei politiske kommentatorane i mediene i uSA. Tre av fire av USAs toppbloggarar, vel å merke politiske, har doktorgrad.

Er det altså ei myte at bloggarar er amatørar? Vel neppe på alle felt. Vi kjenner jo til dei rosa jentebloggane, dei fleste amatører, men nokre profesjonelle med gode reklameinntekter, jamfør Sverige, men dette er noko anna enn dei politiske, opinionsleiande, om vi ser bort frå opionsleiing på undertøy.

Så kva kan ein konkluderer med. Ein kan sei at Twitter har slått an blant mediefolk, at det i stor grad er eit elitefenomen, eller eit journalistfenomen. Om vi ser på kor ofte Twitter og Facebook er nevnt i riksmedia siste året, og lar dette til saman vere hundre prosent, ser vi at Twitter stod for 43 prosent av omtalen og Facebook for 57 prosent. Ser vi på andel av befolkningen som brukar Twitter, er dette tre prosent, mens 55 prosent er på Facebook (lurer på om dette var ukentlig bruk). Ein "liten" overvekt av Twitter i media fordi Twitter i stor grad vert brukt av media sjølv? (Kilde: Iacob Prebensen, medieanalytiker, NRK Analyse).

Og sjølvsagt: om ein ser på Facebook-kretser, ser at ein at dei som nyttar Twitter og som er såkalla nettverksbyggere eller del av nettverk, har like store og like mektige nettverk på Facebook.

Ein liten gjeng Twitter brukere får voldsom merksemd i media. Twitter er ergo overeksponert. Men Twitter er tatt i bruk av innovatører, opionsdannere og -ledere. Tradisjonelle teknooptimister og mange som meiner at "media har verdas viktigaste jobb og ergo må eksponerast". Ein trur at alle andre meiner det same, og vi vil så gjerne tru at det er sant. Kanskje blir det stadig sannare. På grunn av sosiale medier som Twitter og Facebook.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb