Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten meg sjølv

Portrettintervju av meg i Aftenposten lørdag

kan lesast her i PDF: Side 1 Side 2 Side 3 Takker for mange hyggelege tilbakemeldingar:) Og by the way. I 2010 gav eg ut ein boksingle beståande av tre tekstar på Flamme forlag. Den heiter XXX og kan lastast ned her, gratis.

Min mastergrad i statsvitenskap om norsk nordområdepoliikk

kan lastes ned her. Mastergraden gjennomgår norsk nordområdepolitikk frå eit lokalt perspektiv satt opp mot nasjonal retorikk og målsetningar, og finn store sprik i lokal- og nasjonal historie om nordområdene. Det er eit kvalitativt casestudie basert på semistruktuerte intervju med cirka seksti informantar i lokalpolitikk og næringsliv i norske, svenske og finske nordområder. Prosjektet er finansiert av Nordisk Råd. Eksamen var i juni i år. Takk til glimrande veileder Geir Hønneland ved FNI.  From DN bilder nordområdene From DN bilder nordområdene

Leverte idag min mastergrad i statsvitenskap

Kort sagt. Det er ganske kult.

Vibrasjonar eller tørre kommentarar

Skrivemåtar. Fekk ein liten epost idag. "Så deilig innlegg i avisa (Klassekampen, 20.januar2011)! Sjøl er jeg nok mest bokmålstypen, men måten du skriver på gir gode vibrasjoner i leseropplevelsen. Sammenligna med alle saklige, tørre kommentarer i avisspaltene (uavhengig av tema!) var det herlig befriende å glede seg over noen som rett og slett bare uttrykker seg med det språket som passer" Dette med skrivestil er omdiskutert. Før fekk eg alltid høyre at eg var for røff i tonen. No har det blitt sånn at min tone er det som er det ein får mest skryt for, både profesjonelt og privat. Det kan ein faktisk like. Verda er no ikkje ein gong knekkebrødtørr og ordentleg. Satan vil buldre på di dør i din mørkaste time om du ikkje ramlar så hardt på kne at kneskålene dine blir knust, skrik ut di naud for guds åsyn og blir ein frelst med eit brak, dundra predikanten, og folk skalv i skinkene. Utdrag frå Bibelsoga, ny norsk utgåve. Og sånn går no dagane. Med rabalder og...

Portrettintervju med meg i Nationen

Klikk på bilda og dei blir store og leselige. Gjengitt med tillatelse.

Rart å lese om seg sjølv

Det er dødsrart å lese om seg sjølv i avisa (helgas portrett i Nationen, eller kommentarar i Firda som analyserer mitt hovud for den del). Eg skjønar aldri heilt greia med at dette skal vere så interessant, og blir alltid like fasinert av at det er så interessant å skrive om MEG. Men, det er ikkje meg dei skriv om. Det er fenomenet, ideen AV. Lat oss ta ein side kick: idag las eg om Norges mest leste bloggar i Dagbladet Magasinet. Ho har 70 000 treff på sin blogg per dag og slår knock out på tv2.no i antal treff. Det er godt gjort. Ho er berre 14 år. Men det er ikkje overraskande. Dei mest lesne bloggane i dag er fjortisbloggar. Men kva har ho å melde? Det handlar om kler og sminke for det meste. Men det at ho har lite å melde er ikkje interessant i seg sjølv. Det interessante er fenomenet "Norges mest leste blogg": korleis får ho det til? Korleis er det å vere dette fenomenet? Korleis funker det? and so on. Eg vil sjå bilde av ho, lese om ho, vite kva ho driver med, ha detal...

Portrettintervju av meg i Nationen imorgon, lørdag

Avisa kan du kjøpe i PDF her. Eg kan ikkje garantere ei ny skandalesak, men vi kan jo håpe. Har ikkje lese saka. From hesteklinikken, 2009 Bildet er tatt i etterkant av samtalen. Eventuelt har det ingenting med saka å gjere. .