Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 12, 2012

Bondelaget bløffar om antibiotika i kyllingfôr

Brita Skallerud frå Norges Bondelag benektar i lesarbrevet “Faktafeil om norsk matproduksjon” i Dagbladet 3.juni at norske kyllingar får antibiotika i fôret. Det er rart at 2.nestleiar i Norges Bondelag ikkje er klar over dette. Lesarbrevet Skallerud svarte på var Det er ein grunn til at mat vert billeg, Dagbladet 22.mai 2012. Lesarbrevet til Skallerud ligg, meg bekjent, ikkje på web. Lat oss kikke på fakta: Norske standard slaktekyllingar blant anna blir gitt Narasin i fôret. Narasin er eit ionofor-polyeter antibiotika, også omtalt som koksidiostatika. At Skallerud ikkje er klar over dette, er underleg. At ho ønsker å benekte det, er interessant. Å hevde at narasin ikkje er antibiotika er bortforklaring eller mangel på medisinsk kunnskap. Sjølv EUs vitenskapskomté for mattrygghet har vurdert det som antibiotika.  Dette skriv komiteen: OPINION OF THE COMMITTEE: Narasin is a polyether ionophore antibiotic." Ein kan ta seg i å lure på om Bondelagets 2.neste