Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 18, 2009

Gamle sauerasar er like mykje opera og merkevarebygging som ull og kjøt.

Trendbøndene Anne Viken (tekst og foto) (saka har tidlegare vore publisert i avisa Dag og Tid). Samstundes som sauetalet i Noreg rasar nedover i lite berekraftig tempo, aukar antalet sauer av gamle norske sauerasar. Kjøt frå gamle norske rasar produsert på lokale ressursar blir til nisjeprodukt for kresne kokkar og den kresne gane, og hamnar på tallerkenen ved trendy kulturscener. Vi ser ein ny type bønder som satsar på sau og er meir opptekne av merkevarebygging enn av silofor. Eg likar å kalle dei trendbønder. Eventuelt er det marknaden i ferd med å dele seg i to retningar: Ein som går mot større bruk med meir intensiv drift, og ein som går mot lokal mat og småskala landbruk med tungt fokus på merkevarebygging. Per 1.januar 2008 var det 1 025 144 sauer i Noreg. På topp tronar Rogaland med 204 862. På andre og tredjeplass ligg Oppland og Hordaland med rett over 100 000 kvar. Sauehald nyttar Noregs store utmarksressursar og held landskapet ope, men slit samstundes med store problem i m